Gary Burden er ein amerikansk kunstnar som har spesialisert seg på å lage plateomslag. Han vert rekna som ein av pionerane innan konseptet plateomslagskunst.[1] I 1960- og 1970-åra designa han omslag for mange rockestjerner, som Mama Cass, Crosby Stills Nash and Young, Joni Mitchell, The Doors, The Eagles og Jackson Browne. Han laga mange plateomslag for Neil Young i 35 år.[2] Verka hans er fire gonger nominert til Grammy-prisen.[3] og i 2010 vann han Grammy-prisen for beste innpakning for plateboksar eller luksusutgåver for Neil Young-samlinga The Archives Vol. 1 1963–1972.

Burden har samarbeidd mykje med fotografen Henry Diltz.[4] I 2000 laga dei dokumentarfilmen California Rock: Under the Covers, som omhandla plateomslaga dei laga og korleis dei deltok i rockemiljøet i Los Angeles.[5]

Kjelder endre

  1. Hale, Mike. «California Rock: Under the Covers». The New York Times. Henta 17. august 2015. 
  2. Phelan, J. Greg (6. november 2003). «It's Got a Good Beat, But Where's the Cover?». The New York Times. Henta 17. august 2015. 
  3. Delatiner, Barbara (21. april 2002). «THE GUIDE». The New York Times. Henta 17. august 2015. 
  4. Dominic, Serene (25. august 2006). «Pot Shots». Phoenix New Times. Henta 17. august 2015. [daud lenkje]
  5. Turner Classic Movies

Bakgrunnsstoff endre