Gary Lee Yoder (25. januar 19467. august 2021) var ein USA-amerikansk musikar, som var med i fleire psykedeliske rockeband i San Francisco i 1960-åra, inkludert The Oxford Circle, Kak og Blue Cheer.

Gary Lee Yoder
Fødd25. januar 1946
FødestadPasadena
Død7. august 2021 (75 år)
OpphavUSA
Sjangerpsykedelisk rock
Verka sommusikar

Yoder vart fødd i Pasadena i California. The Oxford Circle (danna i 1966) og Kak (danna i 1968) vart begge danna i heimbyen til Yoder i Davis i California, og bestod av den same kjernen av medlemmer.[1] Sjølv om Oxford Circle ofte delte scene med kjemper som Grateful Dead, Jefferson Airplane og Janis Joplin, oppnådde dei ikkje same ry og fekk aldri platekontrakt. I 1997 vart livealbumet Live at the Avalon 1966 gitt ut. Det kom på sjetteplassen på Record Collector si liste over dei 50 beste nyutgivingane i 1997, framfor nyutgivingar av Pink Floyd, Grateful Dead og Santana, og fekk òg ei god melding i Mojo.

Kak skulle berre gi ut éi plate i 1969, Kak, som har vorte eit samlarobjekt. Ho vart gitt ut på nytt av Big Beat Records i 1999 som Kak-ola. Denne innspelinga inneheldt i tillegg upubliserte soloverk av Yoder.

Yoder opptredde av og til før sin død,[2] 75 år gammal den 7. august 2021.[3]

Kjelder endre

  1. Frank Gutch,Intervju med Dehner Patten, gitarist i Oxford Circle og Kak, våren 2008. Pop Culture Press; www.popculturepress.com.
  2. See Notice of August, 2008 engagement Arkivert 2018-12-04 ved Wayback Machine. at Davis Farmers Market, Davis, California; www.davisfarmersmarket.org, retrieved 09-01-16. Yoder is described as playing «Southern Rock 'n' Roll».
  3. Bill Buchanan, «Davis musician Gary Lee Yoder, RIP», KDRT.org, 9. august 2021. Henta 28. august 2021