Gary Winston Lineker (fødd 30. november 1960) er ein tidlegare engelsk fotballspelar og seinare sportsjournalist. Han har skåra den engelske rekorden på 10 mål i fotballverdsmeisterkapar. Sidan 1990-talet har han vore programleiar for fotballprogrammet Match of the DayBBC.

Gary Lineker
Gary Linekar.jpg
Gary Lineker i 2011
Personleg informasjon
Fullt namn Gary Winston Lineker
Fødselsdato 30. november 1960 (59 år)
Fødestad Leicester i England
Høgd 177 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978-1985 Leicester 194 (95)
1985-1986 Everton 41 (30)
1986-1989 Barcelona 103 (43)
1989-1992 Tottenham 105 (67)
1992-1994 Grampus Eight 23 (9)
Totalt 460 (238)
Landslag
1984-1992 England 80 (48)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Lineker byrja fotballkarrieren ved Leicester City i 1978, der han blei delt toppskårar i førstedivisjonen i 1984–85. Han spelte deretter for Everton, der han skåra 30 mål på 41 spel. Med Barcelona vann han Copa del Rey i 1988 og Cupvinnarcupen i 1989.

Han vende tilbake til England i 1989, der han spelte for Tottenham Hotspur. Over tre sesongar skåra han 67 mål i 105 kampar, og vann FA-cupen. Den siste klubben han spelte for var japanske Nagoya Grampus Eight. Han trekte seg tilbake i 1994 etter to sesongar i Japan.

Lineker sin seniorkarriere varte i 16 år og han spelte 567 kampar. Totalt skåra Lineker 282 på klubbnivå og 48 i landskampar, totalt 330 mål. Gjennom sin lange karriere fekk Lineker aldri gult eller raudt kort.[1][2] For dette blei han heidra med FIFA Fair Play Award i 1990. Han er også teken opp i English Football Hall of Fame. Som sterk supporter for Leicester City leia han eit konsortium som investerte i klubben for å redda han frå konkurs, og blei utnemnd til æresvisepresident.

StatistikkEndra

 England
År Kampar mål
1984 1 0
1985 9 6
1986 10 8
1987 7 9
1988 10 3
1989 9 3
1990 15 8
1991 11 10
1992 8 1
Totalt 80 48

KjelderEndra

  1. «Northern Ireland – Patrick Kielty, Almost Live». BBC. 14 December 2003. Arkivert frå originalen 14 December 2003. Henta 3 May 2016. 
  2. Dart, James (10 August 2005). «Multi-talented footballers». The Guardian.