Opna hovudmenyen
«Gauss» i isen. Biletet er teken frå ballong. Drygalski var den første til å nytte gassballongar i Antarktis.

Gauss-ekspedisjonen (1901–1903) var den første tyske ekspedisjonen til Antarktis. Han vart leia av den erfarne polarforskeren og geologiprofessoren Erich von Drygalski. Føremålet med ekspedisjonen var å undersøke det antarktiske kontinentet sør for Kerguelen.

Ekspedisjonsskipet «Gauss» reiset frå Kiel sommaren 1901. Ei lita gruppe vart stasjonert ved Kerguelen, medan resten av ekspedisjonen fortsette vidare sørover. Drygalski vitja Heardøya og laga den første omfattande vitskaplege rapporten geologi, flora og fauna på øya.

Trass i at «Gauss» låg frosen fast i isen i 14 månader, fram til februar 1903, oppdaga ekspedisjonen nytt land i Antarktis: Wilhelm II Land med vulkanen Gaussberg.

Ekspedisjonen reiste heim til Kiel i november 1903. Drygalski gav ut ei reiseskildring og publiserte 20 bind med vitskaplege resultat.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra