Wilhelm II Land
Wilhelm II Land (òg kalla Wilhelm II Coast) er ein del av Antarktis som ligg mellom Cape Penck ved 87°43'E og Cape Filchner ved 91°54'E og er ein del av kravområdet Australsk Antarktis, sjølv om dette kravet ikkje er universelt akseptert.
Området vart oppdaga 22. februar 1902 under Gauss-ekspedisjonen (1901-1903), leia av den arktiske veteranen og geologiprofessoren Erich Dagobert von Drygalski. Drygalski kalla området opp etter keisar Vilhelm II som hadde betalt for ekspedisjonen med 1,2 millionar Goldmark.
I bukta der Drygalski-ekspedisjonen hadde leiren sin fram til 8. februar 1903 ligg Gaussberg, ein 370 meter høg utdøydd vulkan som er kalla opp etter matematikaren og fysikaren Carl Friedrich Gauss.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kaiser Wilhelm II Land» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wilhelm II Land» (innhald frå Geographic Names Information System).