Gaute Grøtta Grav

Gaute Grøtta Grav (fødd 15. mai 1979) er programleiar og lokalpolitikar for Høgre. Han var vinnar av realityprogrammet FarmenTV 2 i 2001.

Gaute Grøtta Grav

Fødd15. mai 1979 (44 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeprogramleiar, musikar, lokalpolitikar
EktefelleSilje Hvarnes

Gaute Grøtta Grav jobbar no som programleiar og konseptuviklar for norsk TV 2. 1. september 2006 vart han tilsett som dagleg leiar og festivalsjef for Norsk Fjellfestival.

Det var etter at han deltok i Farmen hausten 2001 at han året etter fekk jobben som programleiar i ungdomsprogrammet Sone 2TV 2. Sidan 2003 har han vore programleiar for Farmen.

Grav studerte musikk og utøvande kunst ved LIPA, Paul McCartneys talentskule i Liverpool, frå 2000 til 2001. Han har og vore elev ved Romerike Folkehøgskole frå 1999 til 2000 (musikk/teater).

21. mai 2011 gifta han seg med Silje Hvarnes, som vann Farmen i 2008. Dei har ei dotter.[1]

Filmar endre

  • 2001: The 51st State (ravedansar)
  • 2004: En folkefiende

Deltaking endre

  • 2001: Farmen (vinnar)
  • 2001: Sone 2 (reportar)
  • 2002: Sone 2 (reportar)
  • 2003: Sone 2 (programleiar)
  • 2004: Sone 2 (programleiar)
  • 2004: Farmen (programleiar)
  • 2005: Gullruten (programleiar)
  • 2005: Søppelkongen (programleiar)
  • 2006: Frøken Norge (programleiar)
  • 2006: Xperimentet (gjest)
  • 2006: Idolenes jul (programleiar)
  • 2007: Hundeskolen (programleiar)
  • 2007: Farmen (programleiar)
  • 2007: Waschera (gjest)
  • 2008: Fin fredag (gjest)
  • 2008: 9 av 10 nordmenn (gjestedeltakar)
  • 2008: Farmen (programleiar)
  • 2009: Underholdningsåret 2008 (programleiar)
  • 2010: Farmen (programleiar)
  • 2010: Senkveld med Thomas og Harald (gjest)
  • 2010: Villdyrlegen (programleiar)
  • 2011: Farmen (programleiar)

Kjelder endre

  1. ««Farmen»-Silje fikk sin «Farmen»-Gaute», www.vg.no (på norsk), 21. mai 2011, henta 20. januar 2019