Opna hovudmenyen

Silje Hvarnes (fødd 22. desember 1979 i Horten) er ein norsk dyrlege og vinnar av realityprogrammet Farmen på TV 2 i 2008. Ifølgje Østlands-Posten er ho frå Hvarnes i Lågendalen, som ligg i Larvik kommune, men voks opp i Horten. I TV-serien vart Hvarnes valt til andrekjempe èn gong. Til slutt gjekk ho til finalen saman med Ann Kristin Loraas og Unni Oustad Torve. I den siste delen til finalen stod kampen mellom henne og Loraas, og Hvarnes fekk flest stemmar av dei attverande deltakarane og fekk dermed eit ekstrapoeng til den siste og avgjerande spørrekonkurransen. Hvarnes vann med klår margin og fekk dermed ei hytte og ein bil til eit verd på over ein million kroner i premie. Ho omtalte opphaldet sitt på Farmen som eit blodslit.

Silje Hvarnes
Fødd 22. desember 1979
Hvarnes
Yrke veterinær

Ho er utdanna som veterinær og jobbar på ein dyreklinikk i Skien.

Hausten 2010 var ho programleiar for TV 2-programmet Villdyrlegen, der ho saman med ektemannen og programleiaren Gaute Grøtta Grav reiste til eksotiske stader i verda og arbeidde som veterinær.

21. mai 2011 gifta ho seg med Gaute Grøtta Grav som vann Farmen i 2001. Dei har ei dotter.[1]

DeltakingEndra

KjelderEndra

  1. ««Farmen»-Silje fikk sin «Farmen»-Gaute», www.vg.no (på norsk), 21. mai 2011, henta 20. januar 2019