Opna hovudmenyen

Farmen er ein realityserie som blir sendt på TV 2. Serien går ut på at nokre deltakarar vert isolert på ein gard, og skal leve slik dei gjorde for 100 år sidan. Kvar veke må ein deltakar reise frå Farmen etter ein tvikamp mellom to deltakarar.

Farmen Noreg
Farmenlogo.svg
SjangerReality
Sesongar12
SpråkNorsk
ProdusentStrix Televisjon
KanalTV 2

Innhaldsliste

OversynEndra

Sesong År Gard Kommune Fylke Programleiar Vinnar
1 2001 Rime gard Flå Buskerud Sarah Natasha Melbye Gaute Grøtta Grav
2 2003 Horsevika Bjarkøy Troms Frithjof Wilborn Bjørn Tore Bekkeli
3 2004 Haukåsen gard Sogndal Sogn og Fjordane Gaute Grøtta Grav Snorre A. Rotbæk
4 2007 Fredheim gard Søgne Vest-Agder Mikkel Isak Eira
5 2008 Bøensætre Aremark Østfold Silje Hvarnes
6 2010 Tranø gard Bjugn Sør-Trøndelag Leif Birger Mækinen
7 2011 Storøy gard Bamble Telemark Tommy Rodahl
8 2012 Nordre Landmark Sør-Aurdal Oppland Ingvild Skare Thygesen
9 2013 Berli gard Grimstad Aust-Agder Morten Heggdal
10 2014 Li gard Stange Hedmark Magnhild Vik
11 2015 Løntjernbråten gard Eidsvoll Akershus Eilev Bjerkerud
12 2016 Finnsvika gard Halden Østfold Laila Lockert
13 2017 Sandvika gard Arendal Aust-Agder Halvor Sveen
14 2018 Gjedtjernet gard Grue Hedmark Tonje Frøystad Garvik

Farmen kjendisEndra

Sesong År Gard Kommune Fylke Programleiar Vinnar
1 2017 Storøy gard Bamble Telemark Gaute Grøtta Grav Leif Einar "Lothepus" Lothe
2 2018 Finnsvika gard Halden Østfold Pål Anders Ullevålseter
3 2019 Li gard Stange Hedmark Tiril Sjåstad Christiansen
4 2020 Gjedtjernet gard[1] Grue Hedmark Tiril Sjåstad Christiansen[2]

2001Endra

Serien blei fyrste gong sendt på TV 2 hausten 2001. Innspelingstaden var Rime gård i Flå kommune i Buskerud. Serien blei i snitt følgd av 727 000 sjåarar, og finalen blei sett av 1 003 000 sjåarar. Vinnaren var Gaute Grøtta Grav, som seinare blei programleiar for programmet.

Deltakarar:

  1. Gaute Grøtta Grav
  2. Ronny Edvardsen
  3. Hanne Moen
  4. Marianne Elstad Olsen
  5. Jarle Pedersen
  6. Catrine Lund
  7. Liv Anne Furmyr
  8. Linda Gjerde
  9. Morten Hammarstrøm
  10. Kjetil Wang Hansen
  11. Roger Skaugerud
  12. Amir Al-Saaty
  13. Iman Remo

2003Endra

Hausten 2003 var Farmen tilbake på TV 2. Innspelingsstaden denne gongen var Horsevika på Grytøya i Bjarkøy kommune i Troms. I snitt følgde 732 000 sjåarar denne sesongen, og finalen blei følgd av 1 276 000 sjåarar. Vinnaren var Bjørn Tore Bekkeli.

  1. Bjørn Tore Bekkeli
  2. Bente Johansen
  3. Olav Johansen
  4. Reino Kristiansen
  5. Ingrid Kristiansen
  6. Hilde Svenby
  7. Jørn Johnsen
  8. Merete Hildre
  9. Aslaug Moi Frøysnes
  10. Eli Fjeld
  11. Stefan Hilt
  12. Sirius Nani

2004Endra

I 2004 blei serien spelt inn på Haukåsen gard i Sogndal i Sogn og Fjordane. Serien blei sett av 663 000 sjåarar i snitt, finalen blei følgd av 875 000 sjåarar. Vinnaren var Snorre A. Rotbæk.

  1. Snorre A. Rotbæk
  2. Barbro Fagerbakk (dotter til Eskil)
  3. Eskil Fagerbakk (far til Barbro)
  4. Siren Høyland (systera til Bente)
  5. Bente Naglestad (systera til Siren)
  6. Live Nelvik
  7. Helgi Bjørgvin Ágústsson
  8. Eirik Karstensen
  9. Mats Karstensen
  10. Reidun Nilsen
  11. Runar Nilsen
  12. Mads Karstensen
  13. Eirik Karstensen
  14. Gro Merethe Bøe
  15. Frank Anders Borch Åmot
  16. Ommund Vareberg
  17. Monique Eliassen

2007Endra

Den fjerde norske runden av Farmen blei spelt inn i perioden august til oktober 2006, og gjekk på lufta frå januar til mars 2007. Staden var Fredheim gård i Ny-Hellesund i Søgne i Vest-Agder. Serien blei sett av 655 000 sjåarar i snitt, og finalen blei følgd av 869 000 sjåarar. To nye deltakarar (utfordrarar) blei sende inn midtvegs i serien. Vinnaren var Mikkel Isak Eira.

  1. Mikkel Isak Eira
  2. Astrid K. Mjøsund
  3. Agnethe B. Salvesen (gift med Ole Magnus)
  4. Ole Magnus Skretting (gift med Agnethe)
  5. Laila Nyborg
  6. Hanne Gundersrud (gift med Anders)
  7. Cecilie Fossmo Olsen
  8. Solveig Mellemsæter
  9. Eivind Hagen (utfordrar)
  10. Kari Agerlie (utfordrar)
  11. Marianne Hafnor
  12. Jarl Bernard Nilsen
  13. Dag Inge Loftsheim
  14. Lars-Erik Østbye
  15. Anders Trondsen (gift med Hanne)
  16. Per Oksvold

2008Endra

Fyrste episode blei sendt 28. januar 2008 og hadde over 800 000 sjåarar, det høgaste for ein opningsepisode så langt. Dette gav TV 2 ein marknadsdel på 50,4 % på det aktuelle tidspunktet. Innspelingane skjedde på Bøensætre i Aremark kommune i Østfold. To nye deltakarar (utfordrarar) blei sende inn midtvegs i serien. Vinnaren var Silje Hvarnes.

  1. Silje Hvarnes
  2. Ann-Kristin Loraas
  3. Unni Oustad Torve (mor til Torkel)
  4. Torkel Torve (son til Unni)
  5. Vigdis Wanvik
  6. Catharina H. Pedersen
  7. Geir Ove Johnsen
  8. Ida Holmen (utfordrar)
  9. Eren Gjegtvik (utfordrar)
  10. Hugo Fiksdal
  11. Lene Marie Gislerud
  12. Amin Homayouni
  13. Ingunn Mjelde
  14. Christian Faureng
  15. Ruben Karlsen
  16. Finn Selmer-Olsen

2010Endra

Sesongen blei sendt i 2010 og fann stad på ein fråflytta kystgard på den folketomme Tranøya utanfor VallersundTrøndelagskysten. Det blei innleidd eit samarbeid med Vallersund Gård, som ligg på fastlandet like ved og er ein camphill-landsby. På det gamle handelsstaden finst ei gammal krambu som blei brukt til marknaden farmendeltakarane var med på. Medan serien blei vist blei Silje Trosten Johnsen den mest utskjelte og hetsa i historia til Farmen. Det blei oppretta hatgrupper på Facebook og ho mottok trugsmål, då mange meinte ho opptrådde kynisk og utspekulert. To nye deltakarar (utfordrarar) blei sende inn midtvegs i serien. Vinnaren var Leif Birger Mækinen.

  1. Leif Birger Mækinen (stefar til Silje)
  2. Linn Hege Andersen
  3. Lillian Lund Jonassen
  4. Silje Trosten Johnsen (stedotter til Leif Birger)
  5. Simon Fjeld Mengaaen
  6. Eirik Fønstelien
  7. Gordon Natvig (utfordrar)
  8. Tore W. Arvesen
  9. Ellen Marie Perroud (utfordrar)
  10. Tone Gudrun Fjalestad
  11. Geir Kvammen
  12. Karin Jonassen
  13. Stian Sannerud
  14. Bente Skancke
  15. Vibeke Tonning
  16. Sigurd Berger

2011Endra

Programmet blei i 2011 plassert på Storøy i Rørholtfjorden i innsjøen Toke i Telemark. Staden har hatt gardsdrift siden 1600-talet. Ein ny deltakarar (utfordrar) vart send inn midtvegs i serien. Vinnaren var Tommy Rodahl.

  1. Tommy Rodahl
  2. Jan Rudi Bendiksen (utfordrar)
  3. Kim André Ågedal
  4. Hanne Linnesholm
  5. Synne Bolstad
  6. Runi Hagelsteen Vik
  7. Kim Sondre Krantz Hagen
  8. Siv Annie Bjørnvåg (gift med Ståle)
  9. Morten Emil Bergan
  10. Kristin Glück Evensen
  11. Julie Aas Rye
  12. Ståle Bjørnvåg (gift med Siv Annie)
  13. Per Arne Guttorm
  14. Marianne Wåhlberg
  15. Bjørnar Skogstad
    1. «Dette er den nye Farmen kjendis-gården». TV2.no. Henta 2. april 2019. 
    2. «Slutter som programleder for «Farmen kjendis» – erstattes av Tiril Sjåstad Christiansen». TV2.no. Henta 29. mars 2019.