Gaute Larsen

norsk fotballspelar

Gaute Larsen (fødd 24. desember 1961) er ein norsk fotballtrenar frå Sandnes. 11. september 2012 overtok han som trenar i Bryne etter Tommy Bergersen.

Gaute Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1961 (62 år)
Sandnes kommune
Idrett fotball

Larsen markerte seg først med å leie Ullern, som han tidlegare hadde spelt for, opp i 1. divisjon før han vart henta som hjelpetrenar til Stabæk. Etter at Anders Linderoth trekte seg i 2001, overtok han hovudansvaret. Han vart likevel sparka hausten 2004, og uttalte på pressekonferansen at «Eg er skuffa, og eg aksepterer det ikkje, men eg skjønar tankegangen». Før sesongen 2005 vart han henta som hjelpetrenar til Odd Grenland. Sesongen 2007 hadde han saman med Arne Sandstø eit delt hovudtrenaransvar for klubben.

Etter cup-nederlaget mot Haugesund vart Sandstø og Larsen 28. september løyst frå kontraktane sine, og erstatta med Ove Flindt-Bjerg som trenar for Odd. 25. oktober signerte han ein 3-årig kontrakt med 2. divisjonslaget Asker. Då det vart klårt at Asker ikkje kunne rykke opp eller ned den sesongen, drog Gaute Larsen til Bryne for å overta som hovudtrenar i jærklubben frå 2013-sesongen. Han har kontrakt med Bryne dei to neste sesongane.

Kjelder endre