Geez

(Omdirigert frå Ge'ez)

Geez eller ge'ez er eit gammalt sørsemittisk språk som oppstod i dagens Eritrea og nordlege EtiopiaAfrikas horn. Det var seinare offisielt språk i kongeriket Aksum og ved det etiopiske keisarhoffet. I dag er geez liturgisk språk innan delar av etiopisk kristendom og jødedom.

Geez
ግዕዝ, Gəʿəz

Klassifisering Afroasiatisk
 Semittisk
  Sørsemittisk
   Etiopisk
    Nordetiopisk
     Geez
Bruk
Tala i  Eritrea
 Etiopia
Geeztalande i alt 4 450 000[1]
Språkkodar
ISO 639-2 gez
ISO 639-3 gez

Historie endre

Geez blei tala av semittar som vandra inn til Etiopia frå sørlege Arabia i førkristen tid, og blanda seg med den eldre hamittiske folkesetjinga. Geezskrifta, som blir kalla fidel, blei utvikla frå det sørarabiske alfabetet. Dei eldste geez-tekstane er innskrifter frå 300-talet. Som i andre semittiske språk hadde ikkje skrifta vokalteikn, men desse blei lagde til i dei påfølgjande hundreåra gjennom små strekar eller mindre endringar av konsonantteikna.

 
Etiopisk bibelside frå 1900-talet.

Geez-omsetjinga av Bibelen stammar frå rundt år 500. Fleire andre kristne tekstar, som apokryfa og salmar, finst også nedskrivne på geez. Etiopiske jødar bruker ei geez-omsetjing av sine heilage tekstar (hovudsakleg frå Tanákh, den hebraiske bibelen). Eit anna viktig geezverk er Kebra Nagast, som både ein del kristne og rastafariar reknar som guddommeleg inspirert.

Frå 900-talet blei geez avløyst som talespråk av språk som tigrinja og amharisk. Den etiopiske kyrkja og etiopiske jødar har halde på geez som liturgisk språk.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Geez