Geest eller gest er eit lyngdekt landskap på sand- og grusavsettingar i nordlege delen av Nederland, Tyskland og Polen. Avsetningane er av fluvioglasialt opphav og er avsett føre isbrear under siste istida. Seinare har elveerosjon delt opp dei opphavleg samanhengande områda i mindre delar.

Geestlandskap nær Dörpling i Schleswig-Holstein i Tyskland.

Lüneburger Heide er døme på ein geest.

Kjelder endre

  • «Geest». Store norske leksikon. 24. januar 2012. Henta 9. februar 2014.