Geil (frå norrønt geil), gote eller gutu[1] er ein veg eller ei fegate med stengsler på begge sider brukt til å føra husdyr gjennom.[2] Ein geil kunne til dømes gå frå tunet på ein gard til utmarka og brukat til å jaga dyra til og frå beitet. Mange norske stadnamn har geil i seg og vitnar om kor geilene har gått, til dømes namnet Geilo, som er dativ fleirtal av geil.[3]

Geil ved Revholstjørn i Sandnes, no hellelagt og brukt som tursti til Dalsnuten.

«Geil» vert også brukt om ei trong kløft eller gjel, og om ein smal gang mellom eller inni hus.

KjelderEndra

  Denne arkitekturartikkelen som har med landbruk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.