Geir Bergkastet (fødd 6. mai 1961) er er administrerende direktør ved Den Norske Opera & Ballett sidan 1. august 2017.[1]

Geir Bergkastet
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mai 1961 (63 år)
Ektefelle Ingjerd Egeberg

Han var direktør ved Høyskolen i Lillehammer frå 1. november 2013 fram til han blei direktør ved Operaen, som han blei utnemnd til den 20. desember 2016.[2][3]

Bergkastet tok til i stillinga 1. juni 2006. Oslo Kino er Norges største kinoverksemd og driv 9 kinoar i Oslo. Bergkastet er i tillegg styreleiar for dotterselskapa Norsk Kinodrift, Oslo Kinodrift, Media Direct Norge, Norsk Filmdistribusjon, Colosseum Kino Eiendom og Eldorado Kino Eiendom.

Geir Bergkastet er utdanna økonom frå Høgskolen i Stavanger. Han hadde si første stilling som økonomikonsulent ved Statens veterinærhøgskole.[1] Deretter blei han tilsett ved Statens teaterhøgskole,[1] der han var i administrasjonen frå 1988 til 96.

Bergkastet har tidlegare vore direktør ved Nationaltheatret og direktør ved Rogaland Teater.[4] Frå 2006 til 2013 var han administrerande direktør i Oslo Kino.

Han har vore styreleiar for Sentralen, Dansens Hus og Teater Manu, og sete i styret for Sparebankstiftelsen DNB, Sentralen, Filmweb og NRK.[1]

Bergkastet er gift med skodespelaren Ingjerd Egeberg.[4]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Geir Bergkastet \ Den Norske Opera & Ballett». Operaen.no (på norsk bokmål). Henta 31. desember 2017. 
  2. NRK. «Geir Bergkastet blir ny operadirektør». NRK. Henta 20. desember 2016. 
  3. «Denne mannen skal redde den gjeldstyngede i Operaen». Dagbladet.no (på norsk). 20. desember 2016. Henta 31. desember 2017. 
  4. 4,0 4,1 «- Jeg er opptatt av åpenhet». Dagbladet.no (på norsk). 20. desember 2016. Henta 31. desember 2017.