Universitetet i Stavanger

(Omdirigert frå Høgskolen i Stavanger)

Universitetet i Stavanger (UiS) blei til 1. januar 2005. Den nye statusen til Høgskolen i Stavanger (HiS) kom etter førti år som høgskole. Universitet ligg på Ullandhaug i Stavanger. Universitetet i Stavanger blei tatt opp som medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU) i oktober 2012. Sidan august 2019 har Klaus Mohn vore rektor ved universitetet.[1]

Universitetet i Stavanger


Grunnlagt1. januar 2005
TypeOffentleg universitet
RektorKlaus Mohn
StadStavanger kommune
Studentar12 000 (oktober 2019)
Tilsette1 600 (oktober 2019)
Org.nummer971564679
Nettstadhttps://www.uis.no/ (norsk, engelsk)
Kart
Universitetet i Stavanger
58°56′15″N 5°41′51″E / 58.937505555556°N 5.6974166666667°E / 58.937505555556; 5.6974166666667

Organisasjon

endre

Universitetet er organisert i seks fakultet med underliggande institutt og senter, i tillegg til eit museum:[2]

  • Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
    • Institutt for grunnskolelæreutdanning, idrett og spesialpedagogikk
    • Institutt for barnehagelærerutdanning
    • Institutt for kultur- og språkvitskap
    • Lesesenteret (Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking)
    • Læringsmiljøsenteret (Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking)
    • FILIORUM - Senter for barnehageforsking
  • Det samfunnsvitskapelege fakultet
    • Institutt for sosialfag
    • Norsk hotellhøgskole
    • Institutt for medie- og samfunnsfag
    • Nettverk for kjønnsforsking
  • Det teknisk-naturvitenskapelege fakultet
    • Institutt for data- og elektroteknikk
    • Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging
    • Institutt for konstruksjons-teknikk og materialteknologi
    • Institutt for matematikk og naturvitskap
    • Institutt for petroleumsteknologi
  • Fakultet for utøvande kunstfag
  • Handelshøgskolen ved UiS
  • Det helsevitskapelege fakultet
    • Avdeling for folkehelse
    • Avdeling for kvalitet og helseteknologi
    • Avdeling for omsorg og etikk
  • Arkeologisk museum
    • Avdeling for konservering
    • Avdeling for fornminne
    • Avdeling for formidling
    • Avdeling for samlingar

Historie

endre

Det var på 1960-talet, med store studentkull for døra og stor oppbyggingslyst i landet, at ein først byrja å tala om ein høgare utdanningsinstitusjon i Stavanger. Stavanger Akademi, vitskapslaget i byen, drøfta først tanken på eit møte i 1960. I 1962 bad så kommunal- og arbeidsministeren og stavangermannen Andreas Cappelen ordføraren i byen om å setja universitet på dagsordenen. Det vart funnen tomt og pengestøtte, men då Stortinget gjorde vedtak om nytt universitet i 1963 var det Tromsø som fekk den nye institusjonen. Rogaland vart i staden oppmoda til å oppretta ein distriktshøgskole.

Rogaland Distriktshøgskole (RDH) vart opna på Ullandhaug i 1969, med Kjølv Egeland som den første direktøren. Etter nokre år flytta Lærarskolen og Norsk Hotellfagskole inn på området og blei del av skolen.

I 1971 oppretta RDH eit ingeniørstudium for petroleumsteknologi. Dette kan ha hjelpt til å få Statoil og Oljedirektoratet til Stavanger, og bidrog utan tvil til å utvikla oljemiljøet i byen. RDH utvida så med fleire humanistiske fag, og i 1975 hadde skolen 600 elevar. I 1985 fekk RDH sivilingeniørutdanning.

Høgskolesenteret i Rogaland (HSR) vart oppretta i 1986 ved samanslåing av RDH og Stavanger Ingeniørhøgskole. Røde Kors Sykepleierskole og Stavanger Sanitetsforenings Sykepleierskole fusjonerte til Stavanger Sykepleierhøgskole i 1988, som seinare fusjonerte med Sosialhøgskolen i Stavanger til ei stor Avdeling for helse- og sosialfag.

I 1998 sa Hernesutvalet nei til fleire norske universitet, men opna for fusjonar for å laga større utdanningsinstitusjonar. Høgskolen i Stavanger (HiS) vart formelt etablert 1. august 1994 då seks statlege og ein privat høgskule i Stavanger fusjonerte til ein institusjon.

I tillegg til undervising dreiv institusjonen òg med forsking. Kompetansen vart bygd opp til han hadde sin første doktorgradsdisputas, i samarbeid med Universitetet i Aalborg, i 1991.

I 2000 vedtok HiS ein strategi med mål om å bli universitet innan fire år. Mjøsutvalet, som sat frå 1997 til 2000, laga klare retningsliner for universitet som mellom anna sa at dei måtte kunne dela ut fire doktorgrader. Høgskolen kunne allereie gje dette i petroleumsteknologi og offshoreteknologi, og sette i gang med å skaffa seg godkjenning for to til. I juni 2003 fekk dei rett til å dela ut doktorgrad i spesialpedagogikk og risikostyring/samfunnsikkerheit. Same månaden sende dei inn søknad om å bli universitet.

I august 2004 året godkjende Nokut, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen, søknaden, og i oktober skjedde den formelle godkjenninga av Kongen i statsråd. 29. oktober 2004 haldt statsminister Kjell Magne Bondevik og utdanningsminister Kristin Clemet pressekonferanse på Høgskolen i Stavanger der dei fortalde om vedtaket.

Universitetsbygget

endre

Den største byggjeperioden var dei fem åra fram til 1979, då distriktshøgskolen bygde 20 000 m2 med undervisingsbygg. I dag finn ein eksempel både på raude brakker og penare bygg i sement og glas.

Alle avdelingane held til ved universitetsområdet på Ullandhaug, bortsett frå Fakultet for utøvande kunstfag som held til i Bjergsted i Stavanger sentrum.

Velgjerarar

endre

Utdanningsinstitusjonen på Ullandhaug har alltid hatt tett kontakt med samfunnet rundt seg. Han har samarbeida med næringslivet og med offentleg sektor, og har òg nytt godt av pengesterke velgjerarar. Skipsreiaren Sigval Bergesen d.y. har to gonger gjeve pengestøtte til prosjektet. Første gongen var i 1962, då han gav ein million kroner til bygging av nytt universitet, som seinare vart høgskule. I 1973 gav han seks millionar slik at Forskningsbiblioteket kunne byggjast.

Kjelder

endre
  1. «Universitetsledelsen - Organisasjonen - Om UiS», UiS (på norsk), arkivert frå originalen 8. august 2019, henta 8. august 2019 
  2. «Organisasjonskart – vitenskapelig organisering: Universitetet i Stavanger» (PDF). UiS. Henta 12. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Universitetet i Stavanger