Teater Manu er eit teater der skodespelarane nyttar norsk teiknspråk, og som tek mål av seg å verte det beste teateret i verda med basis i kulturen og miljøet til døve og høyrslehemma. Teateret gjer såleis eit godt arbeid med å omsetje og tilpasse skriftlege manuskript til teiknspråk som kan nyttast på scena. Ikkje berre dei to heilt ulike språklege syntaktiske frasene skal omsetjast; det skal òg omsetjast kulturelt på eit vis som gjer at døve kjenner eigarskap til det som vert uttrykt på scena.

Grünerløkkas hus i Schleppegrells gate 32, der Teater Manu har teatersal med inngang i Christies gate, ei sidegate til Schleppegrells gate på vestsida av huset.

Teater Manu er eit riksdekkjande turnéteater, «heile Noregs teiknspråkteater». Det har eige teaterlokale og kontor i Grünerløkkas hus (det tidlegare Grünerløkkas Folkets Hus) i Schleppegrells gate 32 i Oslo, vis à vis Dælenenga idrettsplass, ikkje langt frå Black Box teater og frå parken Birkelunden.

Formelt vart Teater Manu skipa i 2003 av Norges Døveforbund som ei stifting, men teateret reknar likevel desember 2001 som det verkelege skipingstidspunktet, ettersom det var då Stortinget fastsette at teateret skulle etablerast. Teateret mottek løyvingar over statsbudsjettet til drifta, og har eit styre oppnemnd av Norges Døveforbund og kulturdepartementet.

Litteratur endre

  • Schröder, Odd-Inge, Rolf Piene Halvorsen, Anne Stordal, Caroline Roka (foto), Alexei Svetlov (illustrasjoner). 2011. Teater manu : jubileumsalbum, Oslo: Teater manu ISBN 9788299868808

Bakgrunnsstoff endre