Geir Bjørklund
norsk medisinsk skribent
Geir Bjørklund (fødd 20. april 1969 i Mo i Rana) er ein norsk medisinsk skribent, journalist og redaktør[1]. Han er medlem av World Association of Medical Editors.
Geir Bjørklund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. april 1969 (55 år) Mo i Rana |
Yrke | forskar, redaktør, skribent |
Han er mest kjend som ein aktiv føregangsmann for biologisk medisin og kvikksylvfri tannbehandling. Mange av dei medisinske fagartiklane hans handla om helseeffektar av tannamalgam, og er vortne omtala i norske aviser. Bjørklund er òg kjend som grunnleggjar og tidlegare redaktør av tidsskrifta Tenner & Helse, organ for Forbundet Tenner og Helse, og Nordisk Tidsskrift for Biologisk Medisin[2]. Han har òg hatt konsulentoppdrag for Statens helsetilsyn[3].
Kjelder
endre- ↑ . Marquis Who's Who, arkivert frå originalen 24. mai 2012, henta 21. mai 2011
- ↑ Christensen B. Ambisiøst og uklart om biologisk medisin. Tidsskr Nor Lægeforen 2001; 121:3096.
- ↑ Bruk av tannrestaureringsmaterialer i Norge. Rapport nr. IK-2652. Oslo: Statens helsetilsyn, 1998; The use of dental filling materials in Norway. Arkivert 2011-09-28 ved Wayback Machine. Report No. IK-2675. Oslo: Norwegian Board of Health, 1999.
Bakgrunnsstoff
endre- Artiklar av Geir Bjørklund
- Björklund Nutrition is an online, global news service. It features news and resources focused on nutrition, environmental medicine and health. The service is founded and managed by Geir Bjørklund.