Opna hovudmenyen

Geir Henæs

norsk fotballspelar

Geir Olav Henæs (fødd 3. september 1955) er ein tidlegare fotballspelar frå Moss som vart cupmeister med Moss Fotballklubb i 1983 og seriemeister i 1987. Angrepsspelaren deltok i tre landskampar for Noreg i 1979.

Geir Henæs
Fødd 3. september 1955
Moss
Yrke fotballspelar

Henæs spelte 227 seriekampar på Moss i tida 1977-88. Gjennom desse tolv sesongane skåra han 78 mål, og var i fire sesongar på 1980-talet toppskårar i klubben. I 1983 var han med då Moss vann sin fyrste nasjonale triumf i toppfotballen, noregsmeisterskapen. I cupfinalen på Ullevaal stadion i Oslo skåra han det andre målet då Moss slo Vålerengen 2-0, og kunne deretter ta i mot konepokalen som lagkaptein. Fire år seinare var han også med då Moss FK gjekk heilt til topps i 1. divisjon, etter å ha slått Molde FK på bortebane i det som var ein rein seriefinale.

I 1979-sesongen spelte Henæs i tre landskampar med Noregs OL-landslag. Han var med å spele uavgjort mot Irland i Dublin, og sidan vinne mot same motstandar på heimebane og mot Finland i Kuopio. Han kom ikkje på skåringslista.

KjelderEndra