Geir Johnson

norsk komponist

Geir Johnson (fødd 13. juni 1953) var direktør for Ultima Oslo Contemporary Music Festival fra 1998 til 2009. Han studerte musikkvitskap ved Universitetet i Oslo og filosofi ved Universitetet i Bergen kring 1980. Samtidig var han aktiv i Johnny Banan Band, som redaktør for StudVest og som kordirigent for mellom anna Sosialistisk Kor, Bergen. Han arbeidde som musikkoordinator ved Kunstsenteret på Høvikodden frå 1983 til 1987. I 1987 starta han avantgardemusikkfestivalen Music Factory i Bergen, som i 2004 vart slegen saman med festivalen Autunnale til Borealis. Saman med Stein Olav Henrichsen starta han òg BIT20 Ensemble og Opera Vest, som begge presenterer samtidsmusikk i inn- og utland. Sidan 2007 har han utvikla Transposition (www.transposition.no) - eit samarbeidsprogram i musikkutdanning og -framføring mellom sju norsk og fem vietnamesiske musikkorganisasjonar. Han er og aktiv som komponist, med om lag 60 verk som har vore spelte i inn- og utland.

Geir Johnson
Fødd13. juni 1953
FødestadFredrikstad
Død16. september 2021 (68 år)
OpphavNoreg
Verka somkomponist, dirigent, musikar