Opna hovudmenyen

Geithus Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Geithus i Modum kommune. Idrettslaget vart skipa då Modum Skiklubb, Geithus Idrettsforening og Geithus Arbeideridrettslag slo seg saman 18. september 1940. Laget er i dag aktivt med i fotball og skøyter.

SogeEndra

Geithus IL hadde sine beste år i fotballen i 1950-åra. Sommaren 1953 rykte laget opp i hovudserien og sesongen 1953/54 deltok Geithus i avdeling B av hovudserien. Laget sanka 8 poeng og enda på 7. og neste siste plass i avdelinga. Dermed vart det nedrykk til landsdelsserien.

I 1986 vart europameisterskapen på skøyter for kvinner arrangert på Geithus. Austtyske Andrea Mitscherlich vann tevlinga.

Geithus Idrettslag reknar 16. januar 1892 for skipingsdato, dagen då Modum Skiklubb vart danna.

KjelderEndra