Geithus

Geithus er ein tettbygd stad i Modum kommune i Viken. Staden ligg ved Drammenselva, like sørom utlaupet frå Tyrifjorden. Statistisk sentralbyrå reknar Geithus og Åmot i Modum for ein tettstad då området mellom stadane er så tett busett at stadene har vakse saman. Tettstaden Åmot/Geithus har til saman 6 351 innbyggjarar per 1. januar 2017 [1].

Geithus
stad
Gjeitus bro - no-nb digifoto 20140703 00026 NB NS NM 02373 (cropped).jpg
Gamle Geithus bru over Drammenselva, tidleg på 1900-talet
Foto: Frå Nasjonalbiblioteket si samling
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Kommune Modum
Postnummer 3360 GEITHUS
Map
Geithus
59°55′56″ N 9°58′4″ E
Wikimedia Commons: Geithus

Det tidlegare treforedlingskonsernet Union A/S (Union Co), skipa i 1873 av Benjamin Sewell (1845-1895), hadde ein av sine papirfabrikkar på Geithus. Dei andre fabrikkane i konsernet var Union Drammen (der mellom anna Union Scene ligg no), Union Bruk i Skien, og Skotfos Bruk på Skotfoss[2]. Alle desse fabrikkane er no avvikla.

Sjå ògEndra

Andre nettstaderEndra

KjelderEndra

  1. SSB: «Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune»
  2. Ashehoug og Gyldendals ett binds leksikon 1982, side 1465, ISBN 82-573-0160-4
  Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.