Generativ fonologi

Generativ fonologi

Avram Noam Chomsky (1928-)

Klassisk generativ fonologi endre

Det sentrale verket innanfor tidlege versjonar av generativ grammatikk var The Sound Pattern of English, av Noam Chomsky og Morris Halle frå 1968. I staden for å sjå på fonema som fonologiske primitivar ser dei på den fonologiske strukturen som ein streng av segment med fonologiske trekk. Desse trekka er artikulatorisk bestemde (dvs. avhengig av korleis lydane blir uttalt). Fonologiske reglar bestemmer deretter korleis ordet skal uttalast.

Autosegmental fonologi endre

Hovudartikkel: Autosegmental fonologi<br\> Utover 1970-talet vart det klårt at mange fonologiske fenomen gjekk att for meir enn eitt segment. Dette førte til ei utvikling av ein fonologisk teori basert på fenomen som går over fleire segment, såkalla suprasegmental fonologi, også kalla autosegmental fonologi, etter ein term introdusert av John Goldsmith i ei avhandling fra 1976. Her introduserte han konseptet om parallelle bindeledd («tiers») mellom segment som tillèt fonologiske prosessar som til dømes prosodi. Eksempel er tonem, setningsmelodi og vokalharmoni. Desse segmenta er parallelle med dei individuelle segmenta (vokalar og konsonantar), samstundes som dei har uavhengige eigenskapar. Goldsmith brukte teorien i ein detaljert fonologisk analyse av igbospråket i Nigeria.

Metrisk fonologi endre

Optimalitetsteori endre

Hovudartikkel: Optimalitetsteori<br\> Den dominerande retninga innanfor fonologisk teori frå og med 1990-talet har vore optimalitetsteori. Optimalitetsteorien går bort frå absolutte reglar, og sett i staden opp eit sett av (språkuavhengige) vilkår (constraints). For kvar ordform er det ein komponent ("Generer fritt") som genererer ulike kandidatar. Alle kandidatane bryt fleire eller færre av vilkåra, og den forma som bryt færrest vilkår vinn konkurransen. Skilnaden språk imellom kjem av at desse vilkåra er ordna seg imellom på ulike måtar i ulike språk. Ein grunn til at optimalitetsteorien har vore så populær er sannsynlegvis at han er i stand til å løyse eit av dei sentrale problema med klassisk generativ fonologi, nemleg problemet med arbitrære reglar. Sentrale namn her er Paul Smolensky, John McCarthy og Alan Prince.

Styringsfonologi endre

Ei anna grein av fonologien er styringsfonologi (government phonology), ein teori som går attende til byrjinga av 1980-talet. Styringsfonologien tek utgangspunkt i akustisk definerte primitivar heller enn i artikulatorisk definerte, og går utifrå at desse primitivane kan kombinerast etter eit lite sett av prinsipp, og val av ulike binære parameter. Etter denne teorien er den fonologiske strukturen til alle språk grunnleggjande den same, og den variasjonen vi kan sjå kjem av ulike val for desse parametra. Sentrale namn her er Jonathan Kaye, Jean Lowenstamm, Jean-Roger Vergnaud, Monik Charette og John Harris.

Naturleg generativ fonologi endre

Hovudartikkel: Naturleg generativ fonologi