Gentlebreen
Gentlebreen er ein liten isbre aust og like nedanfor Forecastle Summit, som flyt sør og inn i den isfrie Barnacle Valley i Convoy Range i Victoria Land i Antarktis. Sjølv om han er ein del av Northwindbreen – Frybreen-systemet, flyt denne mindre isbreen attende til Barnacle Valley. Namnet vart foreslått av den newzealandske geologen Christopher J. Burgess og skildrar breen, men òg helikopterstøtta dei fekk i 1976–77 av U.S. Navy, som hadde kodenamn «Gentle».[1]
Gentlebreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 76°46′S 161°15′E / 76.767°S 161.250°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Gentlebreen 76°46′00″S 161°15′00″E / 76.7667°S 161.25°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Gentle Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gentlebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).