Geoff Whitehorn
Geoffrey Charles «Geoff» Whitehorn (fødd 29. august 1951 i London i England) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, som har vore medlem av If, Crawler og Procol Harum.
Geoff Whitehorn | |
![]() | |
Fødd | 29. august 1951 (72 år) |
---|---|
Fødestad | London |
Opphav | Storbritannia |
Instrument | gitar, vokal |
Verka som | songar, komponist, songar og låtskrivar, gitarist |
Whitehorn starta karrieren sin i det britiske jazzrockbandet If i det som var den tredje og siste besetninga deira i 1973. Han spelte inn det første soloalbumet sitt, Whitehorn i 1974. I 1976-1979 spelte Whitehorn i band Crawler (tidlegare kjend som Back Street Crawler), og erstatta Paul Kossoff då han omkom.
I 1991 vart han med i bandet Procol Harum,[1] og har sidan den gong vore gitaristen i bandet.
Whitehorn har medverka på innspelingane til andre band og artistar som Bad Company,[2] Jethro Tull,[3] Kevin Ayers, Elkie Brooks, The Who,[4] Roger Waters, Manfred Mann's Earth Band, Paul McCartney, Billy Ocean og Paul Rodgers.[1] I 2007 turnerte han med Elkie Brooks i Storbritannia.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Geoff Whitehorn» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Taylor, Mick (2007) "Whitehorn Goes Organic[daud lenkje]", Gitarist, 4. april 2007, henta 2011-08-08
- ↑ Smith, George (1990) "Nowadays Lots of Hard Rockers are keeping Bad Company Company", The Morning Call, 20 juli 1990, p. D01
- ↑ Johnson, Dean (1993) "Jethro Tull makes living in the past a welcome reunion at Great Woods", Boston Herald, 29. august 1993, s. 43
- ↑ Sullivan, Jim (1996) "Resurrected `Quadrophenia' resounds", Boston Globe, 18 juli 1996