Geoffrey Hastings

Geoffrey Hastings, ukjend levetid, var ein britisk fjellklatrar. Han var truleg frå Yorkshire-distriktet.

Den 3. september 1889 var Hastings i fylgje med William Cecil Slingsby på den fyrste kjende toppturen til Brekketindane, eit grensefjell mellom kommunane Ørsta, Stranda og Sykkylven i Møre og Romsdal.

Aiguille du Plan

I august 1892 var Hastings med i eit klatrelag på fire som traverserte Aiguille du Grépon, og eit år seinare var han mellom dei fire klatrarane som tok seg opp sørvestveggen på 3 673 moh høge Aiguille du Plan. Både Albert Mummery og J. Norman Collie var med på begge desse bragdene, William Cecil Slingsby på den siste.

Sommaren 1895 var Hastings, saman med mellom andre Mummery og Collie, med på den historiske ferda til Nanga Parbat. I forsøket på å nå toppen vart Mummery og to gurkhaer tekne av eit snøras og forsvann. Nanga Parbat vart fyrst kliven 58 år seinare.

Hastings var medlem av Yorkshire Ramblers Club frå 1894 til 1897.[1]

Kjelder endre

  1. Yorkshire Ramblers Club, arkivert frå originalen 11. oktober 2016, henta 22. september 2016