Georg Büchner
Karl Georg Büchner (17. oktober 1813–19. februar 1837) var ein tysk forfattar som trass den tidlege døden sin blir han rekna som ein av dei viktigaste politiske forfattarane under Vormärz.[1]
Georg Büchner | |
Statsborgarskap | Storhertugdømmet Hessen |
Fødd | 17. oktober 1813 Goddelau |
Død |
19. februar 1837 (23 år) |
Yrke | omsetjar, skodespelforfattar, lyrikar, medisinsk forfattar, naturvitar, revolusjonær, skribent, filosof, lege |
Far | Ernst Büchner |
Mor | Karoline Reuss |
Georg Büchner på Commons |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreKarl Georg Büchner voks opp i Darmstadt, og studerte medisin ved Universitetet i Strasbourg frå 1831. Her budde han hos ein av professorane, Johann Jakob Jaeglé. Etter kort tid blei Büchner hemmeleg forlova med dottera til Jaeglé, Wilhelmine eller «Minna», og dei heldt saman heilt til Büchner døydde.
Diktar og forfattar
endreDet fyrste manus hans, Dantons død, blei skrive og gjeve ut (i ei sterk redigert form) i 1835. Lenz blei skrive same året. I 1836 fullførte han Leonce og Lena og eit medisinskfagleg verk, som han blei tildelt doktorgrad for ved Universitetet i Zurich same året. Han byrja òg på manuset Woyzeck dette året.
2. februar 1837 fekk Georg Büchner tyfus. Han blei sengeliggande fram til 17. februar, då Minna kom for å vitja han. To dagar seinare døydde han, berre 23 år gammal.
Det mest spelte dramaet hans i dag er Woyzeck, som er eit ufullført fragment, og aldri blei oppført i levetida til Büchner. Dramaet kom fyrst ut i 1877. På 1900-talet blei stykket særleg kjent gjennom Alban Berg sin opera Wozzeck frå 1926. Både operaen og originalversjonen høyrer i dag til standardrepertoaret på europeiske scener.
Det einaste stykket som Büchner fekk trykt i si levetid var dramaet Dantons død i 1835, og då i ein nedskoren versjon. Heller ikkje dette blei uroppført før lenge etter at han var død, i 1902
Adaptasjonar av tekstane til Büchner
endreOperaen Wozzeck med musikk av Alban Berg vekte mykje oppsikt ved fyrsteoppføringa i 1926, med den nyskapande librettoen sin og tolvtonemusikken komponisten hadde nytta. Han er i dag ein av dei mest spelte operaene frå 1900-talet.
Woyzeck er filmatisert fleire gongar; den mest kjente versjonen er truleg Werner Herzog sin frå 1979 med Klaus Kinski i hovudrolla.
Büchner blir rekna av Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte for å vera blant dei 100 viktigaste personane som i løpet av dei siste 200 åra har bidratt til danninga av demokratiet i Tyskland.[1]
Verk
endre- Der Hessische Landbote, politisk pamflett, 1834 (saman med Friedrich Ludwig Weidig)
- Dantons Tod, drama, 1835
- Lenz, fortelljng, 1835
- Leonce und Lena, komedie, 1836
- Woyzeck, drama, 1837
- Pietro Aretino drama (tapt)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «100 Köpfe der Demokratie». demokratie-geschichte.de. Henta 23. juli 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Georg Büchner» frå Wikipedia på bokmål, den 18. september 2023.