Vormärz (‘før mars’) er det tyske omgrepet for tida fram til den mislykka marsrevolusjonen i Tyskland i 1848. Epoken var prega av politistat og sterk sensur. Austerrike og Preussen dominerte Det tyske forbundet, med Klemens von Metternich som ein viktig maktfigur.

Hambacherfesten i 1832 var den viktigaste politiske demonstrasjonen under Vormärz.

Politikk og samfunn endre

Byrjinga på perioden er ikkje skarpt definert, men kan anten setjast til Napoleon sitt fall og skipinga av Det tyske forbundet i 1815, eller til den franske julirevolusjonen i 1830. Sensuren blei innleidd av Metternich i 1819, og førte til at trykkefridommen blei innskrenka og at innverknaden frå opplysingstida sine idéar i samfunnet blei reversert.

Då den mentalt tilbakeståande Ferdinand I av Austerrike overtok den formelle makta i 1835, blei det mogleg for Metternich å styra dei interne og ytre sakene i riket gjennom renkespel. Den veksande nasjonalismen og den sosiale uroa skulle komma til uttrykk i marsrevolusjonen i 1848, der den veksande arbeidarklassen blei sett på som eit politisk, framfor eit sosialt, problem.

Framveksten til liberalismen blant aristokratiet og middelklassen blei eit stadig større problem for både Metternich og Ferdinand, med krasse angrep på undertrykkinga deira av ytringsfridommen og tankefridommen.

Kultur endre

Kulturelt sett er tida kjend som biedermeier, ei avslutting på romantikken.

Vormärz viser også til ei rørsle i tysk litteratur på den same tida som var prega av auka interesse blant forfattarar for politiske og sosiale tema, som den aukande økonomiske eininga til Tyskland gjennom Zollverein, emne knytt til tysk sameining og utvida røysterett for menn.

Forfattarar og verk endre

Forfattar Verk
Bettina von Arnim (1785–1859) Dies Buch gehört dem König (reportasjar)
Ludwig Börne (1786–1837) Briefe aus Paris (brevsamling)
Heinrich Heine (1797–1856) Deutschland. Ein Wintermärchen (reisebilde, journalistiske tekstar, dikt)
Friedrich Wilhelm Schulz (1797–1860) Der Tod des Pfarrers Friedrich Ludwig Weidig
Anton Johann Gross-Hoffinger (1808–1875)
Ferdinand Freiligrath (1810–1876) Ça ira. Neue politische und soziale Gedichte (diktsamling)
Karl Gutzkow (1811–1878) Wally, die Zweiflerin (1835)
Georg Büchner (1813–1837) Dantons Tod, Woyzeck (drama), Leonce und Lena (Komödie), Lenz (forteljing); Der Hessische Landbote (hefte)
Louise Aston (1814–1871) Meine Emanzipation (Verteidigungsschrift nach ihrer Ausweisung aus Berlin)
Georg Herwegh (1817–1875) Gedichte eines Lebendigen
Louise Otto-Peters (1819–1895) Schloss und Fabrik (roman, fyrst gjeven ut i 1846 i sensurert form, frå 1996 også tilgjengeleg som komplett utgåve)
Georg Weerth (1822–1856) Humoristische Skizzen aus dem deutschen Handelsleben; Leben und Thaten des berühmten Ritters Schnapphahnski (satiriske føljetongar, dikt)
Annette von Droste-Hülshoff (1797–1848) Die Judenbuche (forteljing).

Sjå òg endre

Kjelder endre