Georg Christian von Lobkowitz
Johann Georg Christian, Fürst von Lobkowitz (10. august 1686–4. oktober 1755) var ein austerriksk Generalfeldmarschall.
Georg Christian von Lobkowitz | |
Statsborgarskap | Det tysk-romerske riket |
Fødd | 10. august 1686 Praha |
Død |
4. oktober 1755 (69 år) |
Yrke | aristokrat, militær |
Far | Ferdinand August of Lobkowicz |
Mor | Maria Anna Wilhelmine of Baden-Baden |
Ektefelle | Maria Henriette, Gräfin von Waldstein, Herrin von Wartenberg |
Georg Christian von Lobkowitz på Commons |
Han kom frå den gamle bøhmisk aristokratfamilien Lobkowicz og var den fjerde sonen til Philipp Hyazinth Josef, 4. fyrste av Lobkowicz, hertug av Sagan (1680-1737) og Eleonore Katharina Charlotte Popel von Lobkowicz (1685-1712).
Han gifta seg 11. november 1718 med Caroline Henriette von Waldstein (1702-1780) i Praha og fekk 10 born. To av desse mista livet i krig, medan to andre vart riddarar i Ordenen det gylne skinnetJohann Georg Christian grunnla (Hořín)/Mělník-greina av Lobkowitz-familien.
Han kjempa under Eugene of Savoie mot Det osmanske riket. I 1732 vart han guvernør på Sicilia, og 28. november 1739 vart han sjølv riddar i ordenen det gylne skinnet.
I 1741 fekk han graden feltmarskalk. Under den austerrikske arvefølgjekrigen kjempa han først mot franskmennene og bayarane mellom Praha og München, og vart seinare guvernør i hertugdømet Milano mellom 1743 og 1745. I denne perioden var han kommandør for keisaren sin hær i Italia, der han tapte slaget ved Velletri i 1744 .
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Georg Christian, Fürst von Lobkowitz» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: