Georg Hammer

norsk fotballspelar

Georg Hammer (fødd 11. desember 1950) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Kristiansund, som var med å vinne fire cupgull og to seriegull. I 1979-sesongen deltok han i sju kampar på det norske landslaget.

Georg Hammer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1950 (73 år)
Kristiansund kommune
Yrke fotballspelar

Hammer spelte på Kristiansund Fotballklubb fram til 1969. Hausten 1969 flytta han til Oslo og melde seg etter kvart inn i IK Skeid. Han var med då Skeid i 1974 vann NM-cupen, etter finalesiger mot favoritten Viking FK. Frå 1977 til -79 og på ny frå 1981 til -86 gjorde han teneste i Lillestrøm SK. Allereie i sin fyrste sesong var han med å vinne dobbelt, med triumfar i både 1. divisjon og i cupen. Og i 1978 tok han sitt tredje NM-gull. 1980-sesongen var Hammer tilbake i Kristiansund FK og 2. divisjon. Tilbake i Lillestrøm 1981-86 var han langvarig skadd i 1981-82, men kom tilbake og vann Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1985, og fekk i 1986 fekk med seg seriemeistertittel nummer to.

I 1979 var Hammer med då Noreg kvalifiserte seg til Sommar-OL 1980. På sine sju landskampar skåra han ikkje mindre enn tre mål.

Hammer flytta i 2001 til Kristiansund der han arbeidde som idrettskonsulent i kommunen.

Kjelder endre