Georg Johan Jacobsen

norsk politikar

Georg Johan Jacobsen (29. juli 192924. april 2011) var ein norsk politikar frå Bergen. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland og for Arbeidarpartiet i 1973, og vart attvald i 1977.

Georg Johan Jacobsen
Fødd29. juli 1929
Bergen
Død24. april 2011 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, kontorist
Alle verv

Jakobsen var son til ein målarsvein. Sjølv var han sjømann frå 1948 til -50, og deretter ekspeditør ved Leiebilkontoret i heimbyen fram til 1962. Dei neste seks åra var han abonnementssjef i Bergens Arbeiderblad, til han i 1968 fekk arbeid i Bergen kommune.

Periodane 1960-63 og 1968-71 var Jacobsen medlem av Bergen bystyre, den siste fireårsbolken også med sete formannskapet.

Jacobsen fekk plass på Stortinget etter valet hausten 1973, og vart plassert i Sjøfarts- og fiskerikomitéen. Med knapp margin sikra han seg ein ny periode for Arbeidarpartiet på Hordalandsbenken ved stortingsvalet 1977, han vart då medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen.

Kjelder endre