Georg Wankel

norsk politikar

Georg Reinholdt Wankel (12. februar 18431. februar 1907) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Moss.

Georg Wankel
Fødd12. januar 1843
Moss
Død1. februar 1907 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
BarnCharlotte Wankel, Frida Wankel Maseng

Wankel var son til ein gardbrukar. Han gjekk Ås høgare landbruksskule 1861-63. I 1869 overtok han farsgarden, som han utvida gjennom kjøp av grannegardar. Han starta kalkfabrikk på eigedomen.

Den lange perioden 1877-1905 var han medlem av heradsstyret for Moss landdistrikt, ordførar nokre år frå 1888. Styremedlem 1872-98 i landbruksselskapet i amtet, og 1877-92 i Selskabet for Norges Vel. Han var medredaktør av «Norsk Landmandsblad» 1884-89.

Wankel var 2. representant frå Smaalenenes amtStortinget 1889-91, der han var medlem av landbrukskomiteen. Han var vald for partiet Høgre.

Han døydde i Kristiania i 1907.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914