Opna hovudmenyen

Georg Wasmuth

offiser og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Georg Ulrik Wasmuth (19. mars 178816. oktober 1814)[1] var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Georg Wasmuth
Georg Ulrich Wasmuth.jpg
Georg Ulrich Wasmuth av Ragna Hennig-Larsen
Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814. Frå DigitaltMuseum
Fødd 19. mars 1788
Død

16. oktober 1814

Yrke politikar, offiser
Georg Wasmuth på Commons

Wasmuth var fødd i Kristiansund, der faren var kjøpmann. Han vart offiser i 1805, steig til kaptein i Første Trondhjemske Infanteri-Regiment i 1811.[1] Etter å ha kjempa mot svenskane i felttoget i Jemtland i 1808 fekk han Dannebrogordenens hæderstegn.

I 1814 vart han vald til å representere regimentet under riksforsamlingaEidsvoll, som 1. utsending.[2] Han slutta seg til Sjølvstendepartiet.[3]

I 1814 budde han på lensmannsgarden Øvre på Ytterøya i Levanger.[4]Han døydde her allereie hausten 1814, 26 år gamal. På seinsommaren hadde han vore med i kampane både i Trøndelag og ved Glomma, og han kan ha døydd av skadar.[4]

17. mai 1914 vart ein minnestein over Wasmuth avduka på kyrkjegarden på Ytterøya.[4]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914). «Vasmuth, Georg Ulrik». Stortinget og statsraadet: samt tillæg. D. 2 : Biografier L-Ø. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 922. 
  2. Biografisk informasjon om Georg Wasmuth NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  3. «Georg Ulrich Wasmuth (1788-1814)». Eidsvoll 1814. Henta 12. mars 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Kolbein Dahle (2014). «Georg Ulrik Wasmuth og garden Øvre på Ytterøya i Levanger». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 476-478. ISBN 978-82-02-44564-5. 

BakgrunnsstoffEndra