George Caleb Bingham

George Caleb Bingham (20. mars 18117. juli 1879) var ein USA-amerikansk målar og politikar i Missouri. Bingham tilhøyrde Düsseldorfskulen og den nord-amerikanske realismen. Mange av motiva hans skildrar pionertida i det såkalla Midt-Vesten.

George Caleb Bingham
George Caleb Bingham - Self-Portrait of the Artist.jpg
Sjølvportrett. 1834-35
Fødd 20. mars 1811
Augusta County, Virginia
Død

7. juli 1879 (68 år)
Kansas City i Missouri

Yrke kunstmålar, universitetslærar, politikar, grafikar, bygningstegner
Sjanger portrett, sjangerkunst, historiemåleri
George Caleb Bingham på Commons

Liv og gjerningEndra

 
'Båtmenn på Missouri', 1846
 
'Verving av røyster', 1852

Bingham var son til farmarar, fødd i Augusta County i Virginia. Då han var åtte år gammal flytta han med familien til Franklin i Missouri. Frå 1827 begynte han i lære som møbelsnikkar i Boonville, ved sidan av måla han. Frå 1833 arbeidde han som portrettmålar ved Missouri-elva, i 1835 laga han sitt fyrste sjølvportrett. I 1838 begynte han å studere ved Pennsylvania Academy of the Fine Arts i Philadelphia, og to år seinare hadde han si første utstilling på National Academy of Design i New York.

Fram til 1843 måla Bingham portretta av USA-amerikanske politikarar i hovudstaden Washington, frå 1845 laga han sine kjende bilete av elvar, der han skildra liv og levemåte til menneska som budde langs Missouri-elva. Desse bileta vart svært kjende, framfor alt gjennom stikka til American Art Union. I 1850-åra måla han i tillegg fleire sjangerbilete med politisk innhald.

Allereie frå 1840 var Bingham politisk aktiv i Missouri. I 1848 vart han vald inn i delstaten sitt representanthus. Etter 1850 la han regelmessig reiser til New York, Philadelphia og Washington D.C. Åra 1856-1859 studerte han i Düsseldorf. Frå 1862 var han finansminister i Missouri og adjutant general. Han fekk i 1877 ei undervisningstilling på Missouri School of Art i Columbia, fór deretter til Boonville og til sist til Kansas City, der han i 1879 døydde av kolera.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

{{commonskat}