Opna hovudmenyen
Carl Friedrich Lessing: Romantisk landskap, 1832
Johann Wilhelm Schirmer: Landskap ved Roma, 1840
Andreas Achenbach: Oppklarning ved kysten av Sicilia, 1847
Hans Gude: Brudeferden i Hardanger, 1848
Oswald Achenbach: Klosterhage, 1857

Düsseldorfskulen var ei kunstretning som voks ut or den tyske romantiske rørsla, og på same tid ein del av denne. Retninga vart driven fram av ei gruppe målarar, der Carl Friedrich Lessing, Johann Wilhelm Schirmer, Andreas Achenbach, Hans Gude, Oswald Achenbach og Adolf Schrödter var mellom dei stilskapande. Dei underviste eller studerte ved kunstakademiet i Düsseldorf i 1830- og 1840-åra, då akademiet vart leia av målaren Wilhelm von Schadow. Arbeida til düsseldorfarane er karakterisert av fine detaljar og fantasirike landskap, ofte med religiøse eller allegoriske forteljingar plassert i landskapet. Leiande medlemer av Düsseldorfskulen fremja friluftsmåleriet, og hadde ein tendens til å nytte ein palett med relativt dempa og einsarta fargar.

SogeEndra

Wilhelm von Schadow tok over leiinga av kunstakademiet i 1826, og dermed byrja blomstringstida for akademiet. Den stemningsromantikken med drag av mild realisme som kjenneteikna Schadow, kom gjennom lang tid å prege skulen. Meir individuelle uttrykk kom til syne hos nokre av hans eldre elevar som Karl Ferdinand Sohn, som gjennom si lærarverksemd fekk stor verknad i skulen. Størst etterspurnad nådde skulen då Eduard Bendemann var leiar.

På utviklinga av landskapsmåleriet i Düsseldorf var Carl Friedrich Lessing den fremste. Føregangsmenn for det romantiske ideal-landskapet fann ein i Johann Wilhelm Schirmer og Oswald Achenbach. Nye friske impulsar kom med Louis Gurlitt frå Danmark, og i Andreas Achenbach såg ein ein fornyar av landskapsmåleriet. Eugène Dücker var føregangsmann for ei retning med meir intime måleri.

På 1840-talet byrja den store nordiske invasjonen, særleg frå Noreg. Adolph Tidemand var den fyrste, og vekte straks åtgaum med sine norske allmuge-skildringar. Noko seinare kom Hans Gude, hans norske landskap med si villmarksstemning kom snart på mote. Meir eller mindre påverka av Gude var August Cappelen, Erik Bodom, Anders Askevold, Morten Müller, Amaldus Nielsen og Ludvig Munthe, medan mellom andre Carl Sundt-Hansen odla sjangermåleriet.

Düsseldorfskulen hadde ein avgjerande innverknad på den såkalla Hudson River-skulen i USA. Mange framståande USA-amerikanske målarar gjekk i lære i Düsseldorf, mellom dei George Caleb Bingham, Eastman Johnson, Worthington Whittredge og William Morris Hunt. Tyske Albert Bierstadt søkte, men kom ikkje inn. I staden vart USA-amerikanaren, vennen Worthington Whittredge, læraren hans så lenge han oppheldt seg i Düsseldorf.

Frå 1870-talet stivna Düsseldorfskulen i seinromantikk og småborgarlege kunstpreferansar. Kunstakademiet i byen mista meir og meir posisjonen som lærestad.

KjelderEndra