George Green
britisk fysikar og matematikar
George Green (14. juli 1793–31. mai 1841) var ein britisk matematikar.
George Green | |||
Fødd | 14. juli 1793 Nottingham | ||
---|---|---|---|
Død | 31. mai 1841 Nottingham | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia | ||
Område | matematisk analyse, matematikk, fysikk, optikk, akustikk, hydrodynamikk | ||
Yrke | matematikar, fysikar | ||
Institusjonar | Gonville and Caius College | ||
Alma mater | University of Cambridge Gonville and Caius College |
Green starta som møllar i forretninga til faren og lærte seg matematikk på eiga hand. Han skreiv fleire større avhandlingar i bruksmatematikk, særleg om elektrisitetslære, magnetisme og væskedynamikk, og vert rekna som ein av grunnleggarane av potensial-teorien. Namnet hans er òg knytt til den viktige greenske integralsatsen, som gjev samanhengen mellom dobbelintegral over eit område i planet og linjeintegral over grensa til det same området.
Kjelder
endre- «George Green». Store norske leksikon. 14. november 2011.