George Catlett Marshall (31. desember 188016. oktober 1959) var ein USA-amerikansk militær-offiser og politikar frå delstaten Pennsylvania. Han er særleg kjent som utviklaren av Marshall-planen, det økonomiske programmet for Europa etter andre verdenskrigen.

George Marshall

Fødd31. desember 1880
FødestadUniontown
Død16. oktober 1959
DødsstadWashington
RangGeneral of the Army, general
EiningUnited States Army
Konfliktarden fyrste verdskrigen, andre verdskrigen, Den filippinsk-amerikanske krigen, Vestfronten, Meuse-Argonne-offensiven

Marshall deltok i 1. verdskrigen som stabssjef i USA-hæren under kampane i Frankrike. Etter verdskrigen var han adjutant hos general John J. Pershing til 1924, deretter stasjonert i Kina i tre år. I 1939 utnemnd til sjef for USAs generalstab og øvstkommanderande for krigsstyrkane. Han sette igjennom allmenn verneplikt i USA og var ei drivande kraft bak invasjonen i Normandie. Marshall deltok på Casablanca-konferansen, Teheran-konferansen og Jalta-konferansen. Han gjekk av som øvstkommanderande i november 1945, i staden sende president Harry S. Truman han til Kina for å få forsone dei kinesiske nasjonalistane og Chiang Kai-shek med kommunistane, eit oppdrag som mislukkast. Marshall var utanriksminister 1947–49, i den tida sentral i arbeidet med den økonomiske planen som skulle få fart på næringslivet i Europa og sikre det kapitalistiske systemet, ein plan som fekk namn etter han. Etter Koreakrigen braut ut tok Marshall i september over som forsvarsminister. Grunna sjukdom trekte han seg frå embetet i september 1951.

Marshall vart i 1953 tildelt Nobels fredspris.

Kjelder endre