Georges Charpak (1. august 192429. september 2010) var ein polsk-fransk fysikar.

Georges Charpak

Fødd1. august 1924
Davrovica i noverande Ukraina, dåverande Polen
Død29. september 2010 (87 år)
Paris i Frankrike
NasjonalitetPolsk og Fransk
Områdepartikkelfysikk
Yrkefysikar, fransk motstandskjemper, forskar
InstitusjonarCERN
Centre national de la recherche scientifique
Alma materLycée Saint-Louis
École nationale supérieure des mines de Paris
École de Physique des Houches
Universitetet i Paris
Kjend forTrådkammer
EktefelleDominique Vidal
BarnNathalie Charpak
MedlemDet franske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Det austerrikske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Académie nationale de médecine

Charpak vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1992 for oppfinninga hans og utviklinga av partikkeldetektorar, spesielt trådkammeret.

Oppfinninga til Charpak mogleggjorde oppdaginga av særs kortliva og sjeldne partiklar. Detektoren leverer data direkte til tilkopla datamaskiner som kan analysere store mengder data. Dette gjer det mogeleg å studere forløp med både større oppløysing og tettare tidsintervall enn det som tidlegare var mogeleg med for døme boblekammer.

Charpak tok doktorgrad i kjernefysikk ved Collège de France i Paris i 1954, og byrja å jobbe ved CERN i Geneve i 1959. I 1984 vart han Joliot-Curie professor ved École Supérieure de Physique et Chimie i Paris, og i 1985 vart han medlem av det franske vitskapsakademiet.

Bøker endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Georges Charpak