Georges Henri Rouault (27. mai 187113. februar 1958) var ein fransk fauvist- og ekspresjonist-målar og grafikar i litografi og radering.

Georges Rouault

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 27. mai 1871
Paris, 19. arrondissement
Død

13. februar 1958 (86 år)
Paris, 12. arrondissement i Paris

Yrke kurator, kunstmålar, grafikar, illustratør, keramikar, teiknar
Språk fransk
Medlem av Comité national de l'estampe
Georges Rouault på Commons
Georges Henri Rouaults bustad

Liv og gjerning endre

Rouault var fødd i små kår. Fjorten år gammal fekk han lærlingplass hos ein glasmålar og -reparatør. Medan han arbeidde som lærling var han kveldane elev ved kunstskulen École des Beaux-Arts, der Gustave Moreau var ein av lærarane hans.

Kring 1890 kom Rouault i kontakt med fauvistane, og innleia vennskapar med Henri Matisse, Albert Marquet, Henri Manguin og Charles Camoin. Etter 1895 deltok han med måleri av religiøse motiv, landskap og stilleben i offentlege utstillingar som 'Salon d’Automne'. I 1905 stilte han som medlem av fauvistane ut på salongen i Paris.

Rouault begynte i 1907 på ein serie bilete av narrar, klovnar og horer, verk som i dag vert rekna som sosialkritiske. Frå kring 1910 vart verka hans tilgjengelege for tyske kunstnarar i Dresden, folk som nokre år seinare danna kjernen i den tyske ekspresjonismen.

Han var tiltrekt av spiritualisme og av den dramatiske eksistensialismen til filosofen Jacques Maritain, dei to vart også livsvarige venner. Alt Rouault laga etter møtet med Maritain handla om kristne, religiøse emne. Frå 1917 konsentrerte Rouault seg fullt ut om måleri som uttrykksform. Særleg var han oppteken av Kristi liding, noko han oppfatta som uttrykk for det menneskelege og menneskeheita, der oppstoda var einaste håp.

Han døydde i fødebyen Paris i 1958.

Kjelder endre