Georgia O'Keeffe Museum

Georgia O'Keeffe Museum er eit amerikansk kustmuseum vigd Georgia O'Keeffe, livet hennar, amerikansk modernisme og offentleg engasjement. Museet opna 17. juli 1997, elleve år etter at kunstnaren døydde. Det består av fleire lokale på to ulike stader i New Mexico: Santa Fe og Abiquiu.[1] I tillegg til hovudmuseet Georgia O'Keeffe Museum (også kalla Museum Galleries) i Santa Fe, omfattar institusjonen også eit bibliotek og arkiv innan forskingssenteret sitt i det historiske A.M. Bergere House, eit utdanningsanlegg for ungdom og offentlege program; bustaden til Georgia O'Keeffe i Abiquiu Home og Studio; O'Keeffe Welcome Center i Abiquiu og museumsbutikkar i både Santa Fe og Abiquiu.[2][3] Georgia O'Keeffe har eit hus på Ghost Ranch som er ein del av O'Keeffe museum, men det er ikkje ope for allmugen.[3]

Georgia O'Keeffe Museum

StadSanta Fe
Skipa1997
Kart
Georgia O'Keeffe Museum
35°41′21″N 105°56′29″W / 35.689156111111°N 105.941325°W / 35.689156111111; -105.941325

Det private, ideelle museet blei grunnlagt i november 1995 av filantropane Anne Windfohr Marion og John L. Marion, som begge budde ein del i Santa Fe.[4] Hovudbygningen til muset blei utforma av arkitekten Richard Gluckman i samarbeid med Santa Fe-føretaket Allegretti Architects. Andre prosjekt av Gluckman har vore eit galleri-tilbygg ved Whitney Museum of American Art i New York og Andy Warhol Museum i Pittsburgh i Pennsylvania.[5]

Kjelder endre

  1. «Tickets and Tours» (på engelsk). Henta 25. oktober 2019. 
  2. «A. M. Bergere House» (på engelsk). Henta 25. oktober 2019. 
  3. 3,0 3,1 «FAQ» (på engelsk). Henta 25. oktober 2019. 
  4. Jones, Kathryn (September 1999). «The Money of Color». Texas Monthly. Henta 17. mars 2015. 
  5. «Museum History». Georgia O'Keeffe Museum. Arkivert frå originalen 20. mars 2015. Henta 17. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Georgia O'Keeffe Museum