Gerald Allan «Jerry» Cohen, (fødd 14. april 1941 Montréal, død 5. august 2009 Oxford) var ein canadisk marxistisk filosof og professor ved universitet i Oxford i England. Han var ein av dei fremste forkjemparane for den analytiske marxismen i moderne tid.[1]

Gerald Cohen
Fødd14. april 1941
Montreal
Død5. august 2009
Oxford
NasjonalitetCanada
Yrkefilosof, universitetslærar
InstitusjonarUniversity College London
Alma materMcGill University
New College
MedlemBritish Academy

Cohen skreiv i 1978 boka Karl Marx's Theory of History: A Defence, som var eit forsvar og vidareutvikling av Marx sin historiske materialisme.[2] Cohen forsvara sosialisme med eit moralsk perspektiv i bøkene sine. Cohen sine tankar vart eit moderne alternativ til den politiske filosofien som John Rawls og Robert Nozick forsvara.[1]

Liv og virke

endre

Gerald Allan Cohen vart fødd inn i ein kommunistisk jødisk familie i Montréal i Québec.[3] Cohen studerte ved McGill University i filosofi og statsvitskap i heimbyen, og ved University of Oxford i filosofi, der han mellom anna vart undervist av Isaiah Berlin.[3]

Cohen var assistentlektor (1963–1964), førelesar (1964–1979), dinest dosent (1979–1984) ved Institutt for filosofi ved University College London, før han vart utnevnd til Chichele Professor ved Oxford i 1985.

Cohen er kjent som ein tilhengjar av analytisk marxisme,[4] og forsvara ei tolking av historisk materialisme til Karl Marx.[5] I Self-Ownership, Freedom, and Equality gav Cohen eit omfattande moralsk argument til fordel for sosialisme, i kontrast til hans synspunkt med John Rawls og Robert Nozick. Cohen kom med ein omfattande kritikk av det Lockeanske prinsippet om sjølveigarskap – det at ein eig seg sjølv og resultatet av sitt arbeid – og bruken av dette prinsippet for å forsvare høgre- så vel som venstre-libertarianisme. I If You're an Egalitarian, How Come You're So Rich? tok Cohen opp spurdagen om kva egalitære politiske prinsipp innebar for den personlege åtferda til dei som hadde dei.

Politisk filosofi

endre

Cohen slutta seg til Marx sin kritikk av kapitalismen. Den kapitalistiske tradisjonen hadde sett djupe spor i den økonomiske marknadsøkonomien og marknadsutvekslinga, og hadde som konsekvens ført til egoisme, grådugheit og frykt. Han meinte alle marknadar, inkludert sosialistiske marknadar var prega av predasjon, i form av at dei produserte urettferd og utnytta andre menneske.

Cohen meinte ein stat måtte avskaffa privat eigedomsrett over produksjonsmiddela, og gjere det om til felleseige. Staten skulle kontinuerleg omfordele frå dei med flest fordelar til dei med færre. Cohen skildra det normative idealsamfunnet sitt igjennom to prinsipp: det sosialistiske prinsippet om like moglegheiter og fellesskapsprinsippet.

Det sosialistiske prinsippet om like moglegheiter

endre

Alle menneske skulle ha like høve til å utvikle seg uavhengig av kva lodd dei hadde fått ifrå det sosiale og det naturlege lotteriet. Cohen meinte det var urettferdig at personar var dårlegare stilt enn andre på grunn av forhold utanfor deira kontroll, igjennom eins sosiale bakgrunn og eins naturgitte evner og talent. Likevel var ulikskapar greitt dersom det er ein sjølv som hadde teke valet, t.d. kor lenge ein valde å arbeide. Ei ulik fordeling av godar og moglegheiter kan berre rettferdiggjerast viss forskjellane var eit resultat av val som det var rimeleg å halde aktøren ansvarleg for. Cohen meinte personar hadde ein rett til valfridom sjølv om dette kunne føre til radikale forskjellar.

Cohen forsvara ei form for flaks egalitarisme som handla om å redusere mest mogleg uflaks, igjennom å kompensere til dei uheldige loddtrekkjarane. Alle skulle ha like mange moglegheiter til sosial mobilitet uavhengig av lodda deira frå det sosiale og det naturlege lotteri som vart styrt av anten flaks eller uflaks. Retten til kompensasjon skulle det vere til dei personane som hadde kome uheldig ut på bakgrunn av naturlege og sosiale årsaker, t.d. fysisk eller psykisk veik, funksjonshemma eller få verdifulle talent. Dei heldige loddtrekkjarane i samfunnet skulle kompensere til dei som ikkje hadde fått like mange fordelar i livet. Cohen meinte det var legitimt å bruke staten som eit tvangsapparat for å handheve retten til kompensasjon ved å krevje høge avgifter og skattar frå dei som hadde mest, for så å gjeve det til dei med minst.

Cohen meinte det ville vere utfordrande å danne eit fullkome sosialistisk samfunn, med berre like moglegheiter, ettersom frie personar hadde evna til å ta sjølvstendige val som kunne føre til urettferd, der nokon gagna meir enn andre. Det sosialistiske prinsippet om like moglegheiter måtte supplerast med eit anna sosialistisk prinsipp for å forhindre at «fellesskapet» i samfunnet vart truga.

Fellesskapsprinsippet

endre

Fellesskapssprinsippet inneber at ein skulle forbyde for store forskjellar mellom borgarane. For store økonomiske forskjellar mellom menneska i samfunnet ville gjere at ein levde i alt for ulike verder, noko som ville stride med det sosialistiske samfunnet. Staten måtte dimed jamne ut dei forskjellane som kunne truga «fellesskapet». Cohen fremja to ideal som var viktige i eit sosialistisk samfunn. Det fyrste var likskapsideal, der sosialt samarbeid var basert på sosial venskap og gjensidig omtanke, dette kravde økonomisk likskap for at borgarane skulle kunne ha «felles liv» der ein forstod og brydde seg om kvarandre som «vener». Det andre idealet handla om felleskapsgjensidigheit som innebar at menneske i samfunnet gjensidig hjelpte kvarandre på bakgrunn av venskap og solidaritet.

Utfordringar

endre

Cohen meinte det var umogleg å finne ein måte å forme samfunnsinstitusjonane på som kunne skape den forma for sjenerøsitet og omtanke som hans marxistiske sosialisme føresette. Dette var av di menneske ikkje var sjenerøse og uegoistiske, i tillegg ville økonomiske marknadar alltid føre til urettferdig fordeling. Cohen var likevel optimistisk på at ein i framtida kunne greie å finne ei løysing på desse utfordringane.

Bibliografi

endre

Bøker om Cohen

endre
  • The Egalitarian Conscience: Essays in Honour of G. A. Cohen. Red. Christine Sypnowich. 2006. Oxford University Press. ISBN 9780199281688

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Obituary | GA Cohen | political philosopher», the Guardian (på engelsk), 10. august 2009, henta 26. november 2022 
  2. G.A. Cohen (1991). «Incentives, Inequality, and Community» (PDF). 
  3. 3,0 3,1 O'Grady, Jane (10. august 2009). «GA Cohen». The Guardian. 
  4. «The Labour Theory of Value and the Concept of Exploitation». 
  5. Singer, Peter (2000). Marx: A Very Short Introduction. Oxford: Oxford University Press. s. 105. ISBN 978-0-19-285405-6. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Gerald Cohen
YouTube
Omtalar
Nekrologar
Takksemd

Vidare lesing

endre