Hugo van der Goes
Hugo van der Goes (1440–1482) var ein nederlandsk målar under ungrenessansen. Han var samtidig med Jan van Eyck.
Hugo van der Goes | |
Statsborgarskap | De burgundiske Nederlandene |
Fødd | 1440 Gent |
Død |
1482 (42 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar, kunstnar, historiemaler, miniaturist |
Språk | flamsk |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Hugo van der Goes på Commons |
Liv og gjerning
endreHugo van der Goes var fødd i Gent og kom inn i målarlauget i Gent 1467, var leiar for dette frå 1474. Straks deretter vart han lekmannsbror i Roodeklostret nær Brussel. Frå den tid leid han av stendig kraftigare anfall av depresjon og var psykisk ustabil.
Hans fremste og einaste heilt sikre verk er triptyken Portinarialtaret frå 1476-78, med si tolking av Jesu fødsel etter den heilage Birgitta si openberring. Verket var bestilt av den florentinske kjøpmannen Tommaso Portinari. Triptyken vart ført til Firenze og hadde stor påverknad på florentinsk kunst, til dømes Ghirlandaios seine verk.
Mellom andre verk finst ei framstilling av same motivet i Kaiser Friedrich-Museum i Berlin. Dette arbeidet vert tilskrive Hugo van der Goes, sameleis med Kongane tilber der. Vidare vert Hugo van der Goes rekna som opphavsmann til eit idptykon med Syndefallet i Wien, ein madonna i halvfigur i Frankfurt am Main, samt fleire andre verk.
Den einaste eigentlege etterfølgjaren hans, var den såkalla Moulinsmeisteren, Jean Hey.
Hugo van der Goes døydde i Brussel.