Gerd Elin Kristiansen (fødd 1. august 1955 i Harstad)[1]) er ei norsk fagforeiningskvinne. Ho var leiar i LO frå 6. mai 2013 til 11. mai 2017.[2]

Gerd Kristiansen

Gerd Kristiansen i 2017
Foto: Tore Sætre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. august 1955 (68 år)
Harstad kommune
Yrke fagforeiningsleiar
Gerd Kristiansen på Commons

Kristiansen er utdanna hjelpepleiar og har yrkesbakgrunnen sin frå Universitetssjukehuset i Tromsø.

Ho var hovudtillitsvald for Norsk Helse- og Sosialforbund i Troms i ein tiårsperiode. I 2002 vart ho vald til nestleiar i same forbund. Då Norsk Kommuneforbund og Norsk Helse- og Sosialforbund slo seg saman og stifta Fagforbundet i 2003 vart ho medlem av arbeidsutvalet i det nye forbundet. I 2005 vart ho vald til 1. nestleiar, eit verv ho hadde til ho vart nestleiar i LO.

I 2009 vart Kristiansen 2009 vald til ny nestleiar i LO. På kongressen i 2013 vart ho vald til leiar for Landsorganisasjonen.[3]

Kjelder endre

  1. Gerd kan bli Norges mektigste kvinne (12. desember 2012). db.no.
  2. «Nå er han en av Norges mektigste». NRK (på norsk) (NRK). Henta 11. mai 2017. 
  3. Landsorganisasjonens internettside besøkt 6. mai 2013

Bakgrunnsstoff endre

«Gerd_Kristiansen» i Store norske leksikon, snl.no.