Universitetssjukehuset Nord-Noreg
(Omdirigert frå Universitetssjukehuset Nord-Norge)
Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN, nordsamisk: Davi-Norgga Universitehtabuohcceviessu, fram til 2002 Regionsjukehuset i Tromsø) er ein del av Helse Nord, og består av ein rekkje einingar som blei slått saman 1. januar 2002 i samband med statleg overtaking av spesialhelsetenesta. Før helsereforma heit sjukehuset Regionsjukehuset i Tromsø (RiTø). Sjukehusa i Narvik og Harstad er etter samanslåinga underlagt UNN: UNN Narvik og UNN Harstad.
Sjukehuset ligg på Tromsøya i Tromsø, og er byens største arbeidsgjevar med ca. 5000 tilsette. Sjukehusdirektør er Tor Ingebrigtsen.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Universitetssykehuset Nord-Norge» frå Wikipedia på bokmål, den 15. april 2011.