Gerda Grepp

norsk journalist

Gerda Johanne Helland Grepp (26. mai 190729. august 1940)[1] var ein norsk journalist.[2]

Gerda Grepp

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mai 1907
Fana kommune Sjå dette på Wikidata
Død

29. august 1940 (33 år)
Noreg Sjå dette på Wikidata

Yrke lingvist, journalist, omsetjar
Organisasjon Dagsavisen
Far Kyrre Grepp Sjå dette på Wikidata
Mor Rachel Grepp Sjå dette på Wikidata
Ektefelle Mario Mascarin Sjå dette på Wikidata

Familie endre

Gerda Grepp var dotter av Kyrre Grepp og Rachel Grepp.

Grepp var gift med den italiensk-sveitsiske keramikaren Mario Mascarin (1901–66). Dei fekk sonen Olav Kyrre Grepp og dottera Solveig Marie Alexandra «Sacha» Grepp.[2] Dottera var kalla opp etter revolusjonspolitikar og familievenn Aleksandra Kollontaj, og budde i åra 1935–1945 på Fjøsanger utanfor Bergen der Helland-familien har budd frå ca. 1875.[2][3]

Yrkesliv endre

Grepp arbeidde, som mora Rachel Grepp, som journalist i Arbeiderbladet.

Grepp blei den fyrste norske journalisten som rapporterte frå den spanske borgarkrigen, der ho jobba med Arthur Koestler, Nordahl Grieg og Lise Lindbæk. Ho representerte det franske Agence Espagne i Paris 1937–1938.

Sjukdom og død endre

Gerda Grepp døydde av tuberkulose, i likhet med faren Kyrre Grepp (1922) og broren sin Peter Andreas Grepp (1933).[2]

Ettermæle endre

I 2018 blei eit auditorium ved Oslomet – storbyuniversitetet kalla opp etter Gerda Grepp, Gerda Grepps auditorium.[4]

Bibliografi endre

  • Axel Wedding, Gutten og sigøynerpiken (1934). Omsetjing av Ede und Unku
  • Hermynia Zur Mühlen, De tok våre døtre (Tiden, 1934). Omsetjing av Unsere Töchter, die Nazinen
  • Kvinnen i det tredje rike (Arbeidernes oplysningsforbunds kvinnekomite, 1935). Omsetjing (23 sider).

Litteratur endre

  • Jo Stein Moen, Rolf Sæther: Tusen dager, Gyldendal, Oslo (2009) ISBN 9788205393516
  • Elisabeth Vislie: Ved fronten - Gerda Grepp og den spanske borgerkrigen, Pax, Oslo (2016) ISBN 9788253038667

Kjelder endre

  1. Brev til en mor i Bergens Tidende (9.2.2003)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Krigsreporteren fra Fjøsanger, Bergens Tidende (7. desember 2013)
  3. Sacha i Andesmauet i Stavanger Aftenblad (4.12.2003)
  4. «Kaller opp bygg etter kvinnelige pionerer». 27.11.2018. Henta 12.09.2019. 

Bakgrunnsstoff endre