Gerhard Nenning (29. september 194022. juni 1995) var ein austerriksk alpin skirennar frå Lech i Vorarlberg som sikra seg tre VM-medaljar i tida 1962-64. Vinteren 1968 vann han FIS-pokalen som beste utforkøyrar i verdscupen i alpine greiner.

Gerhard Nenning

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 29. september 1940
Lech
Død

22. juni 1995 (54 år)
Bregenz

Yrke alpinist, racerbilfører
Høgd 174 centimeter
Gerhard Nenning på Commons

Aktiv endre

Nenning deltok i alle øvingane under VM 1962 i Chamonix. Han tok bronsemedaljen i slalåm, bak Charles Bozon og Guy Périllat frå arrangørlandet Frankrike, og vart høvesvis nummer fem og åtte i utfor og storslalåm. Samanlagt gav desse prestasjonane han sølvmedaljen i kombinasjonen.

To år seinare fekk Nenning eit nytt VM-sølv i kombinasjon, då for sine plasseringar under OL 1964 i Innsbruck. Kombinasjonen stod ikkje på det olympiske programmet, FIS baserte øvinga på kva utøvarane hadde oppnådd i OL-greinene, der Nenning vart nummer seks i storslalåm og nummer sju både i slalåm og utfor.

Nenning kom på sjuandeplass i utfor då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i Portillo i Chile. OL-sesongen 1968 vann han tre utforrenn i verdscupen i alpine greiner; fyrst i Wengen, så i Kitzbühel og til sist i Aspen i Colorado. Under vinterleikane i Grenoble vart han nummer åtte i storslalåm og ni i utfor.

Nenning la opp som aktiv alpinist i 1970.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar