Gerhardine Helene Fredrikke Paasche
Gerhardine Helene Fredrikke Paasche (fødd Krog, 7. september 1851–30. oktober 1922), også kjent som Dina Krog, var den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Luster og i Sogn og Fjordane.[1] Dina Krog var blant dei 100 første kvinnene i landet som blei medlem av eit politisk, kommunalt organ.
Gerhardine Paasche
(Dina Krog) | |||
Dina Krog med familie om lag 1905. Krog heklar. | |||
Fødd | 7. september 1851 Fana | ||
---|---|---|---|
Død | 30. oktober 1922 (71 år) | ||
Parti | Uavhengig | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Hans Jenssen Krog | ||
Ektefelle | Einar Paasche | ||
Barn | Olea Paasche, Hans Krog Paasche |
Oppvekst
endreGerhardine Helene Fredrikke Paasche voks opp på prestegarden i Fana som yngste dotter av stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog (1808-1897) og Ingeborg Christine Endresen (1813-1853). Faren var frå Stavanger, og starta først å jobbe som kapellan der hjå sokneprest Gunder Langberg i 1832. I 1850 vart Krog sokneprest i Fana. I åra 1859 og 1862 var han stortingsrepresentant frå Søndre Bergenhus Amt som var namnet på Hordaland på den tida. I 1882 vart han Ridder av St. Olavs orden for «fortjenstlig Embedsvirksomhed». Mora døydde då Gerhardine var 2 år, og ho hadde seks eldre sysken.[2]
Ekteskapet med Einar Paasche
endreDen 22. november 1887 gifte Dina seg i Luster med enkjemannen og lækjaren Einar Paasche (1849-1931). Einar Paasche var fødd i Fredrikshald og fekk cand.med. med laud i Trondheim i 1875. Han jobba som lækjar først i Bruvik (frå 1880) og i Gildeskål (frå 1883). I 1884 døydde Einar Paasche si første kone, Olea Sørensen, og etterlét enkemannen med to born.[3]
Einar fekk fire born i det fyrste ekteskapet. To av dei døydde som spedborn. Dei to andre, Andreas og Sigrid, var 9 og 7 år då Dina og Einar gifte seg. Dei fekk to born i lag:
- Olea Paasche (fødd 1888, død i ung alder)
- Hans Krog Paasche (1890-1931), utvandra til Amerika i 1915 og var ei tid gruvearbeidar og laksefiskar i Alaska[4]
Luster
endreEinar Paasche vart utnemnd til distriktslækjar i Luster i desember 1886 og flytte inn på garden Nygård i Dale der den førre distriktslækjaren òg hadde budd. Her budde Einar og Dina fram til 1906 då Einar vart utnemnd til distriktslækjar i Sarpsborg. Dei flytta til Sarpsborg og vart buande så lenge Dina levde.
I 1901 vart Dina Krog vald inn i kommunestyret i Luster på ei upolitisk liste. Ho var den einaste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane i 1901.[5] Ho var tremenning med kvinnesaksforkjemparen Gina Krog. Deira felles oldeforeldre var presten Truls Christian Krog (1722-1806) og Helen Sophie f. Meyer (1735-1809).
Dina Krog engasjerte seg sosialt i samfunnet i Luster; ho var med på å opprette eit fond for vanskelegstilte i kommunen og å skipe Sogn Sykepleieforening.
Leia underskriftskampanje
endreVed underskriftskampanja til Landskvindestemmeforeningen for ja til unionsoppløysinga med Sverige i august 1905 leia Dina Krog kampanjen i kommunen retta mot Stortinget.[6]
I Luster kommune var oppslutnaden frå kvinnene på om lag 90% av avgitte, mannlege røyster – om lag 10 % over landsgjennomsnittet. 524 kvinner skreiv under på listene i Luster for eit sjølvstendig Noreg.
Kjelder
endre- ↑ Luster kommune ved Lokalhistoriewiki
- ↑ Lampe, Johan Fredrik. (1895). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 1). Kristiania: Cammermeyer, s. 287.
- ↑ Bergwitz, Joh. K. (1897-1902). Krog. En Slægttavle med biografiske Oplysninger om Trulseslægten Krog - den største av de mange norske uadelige Familier Krog.
- ↑ Øyane, Lars E. (1986). Dale 1 sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 2). Gaupne: Luster kommune, s. 611.
- ↑ Risnes, Kjerstin (2013) Dina Krog Paasche - kvinnepolitisk pioner. Frå Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane., arkivert frå originalen 17. november 2015, henta 4. juni 2013
- ↑ Underskrifta til Dina Paasche (sjå lenka «Klikk her for å komme til underskriftslistene» - underskrifta er på ark nummer 13, Stortinget 2013)
Bakgrunnsstoff
endre- Fjognedok : register over lokalhistorisk litteratur utgitt i Sogn og Fjordane frå 1865 og til i dag ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
- Gerhardine Helene Fredrikke Paasche ved lokalhistoriewiki.no
Folketeljingar