Gervasio Deferr
Gervasio Deferr Angel (fødd 7. november 1980) er ein spansk tidlegare turnar som vart olympisk meister i hoppøvinga i 2000 og 2004.
Gervasio Deferr | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 7. november 1980 (44 år) Premià de Mar |
Idrett | turn, apparatturn for menn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2008 – Frittstående menn, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's vault, Turn under Sommer-OL 2004 – Hopp menn |
Utmerkingar | storkors av Ordenen for sportsfortjenester, Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje, Catalan Sportsman/Sportwoman of the Year, Catalan Sportsman/Sportwoman of the Year |
Deferr fekk sølv i frittståande ved Turn-VM 1999 i Tianjin. Året etter vann han OL-gull i hopp-øvinga ved sommarleikane i Sydney, han var aller fyrste av spanske turnar som vann ein olympisk gullmedalje. I 2002 vart han andremann i frittståande då verdsmeisterskapen fann stad i Debrecen, men vart så diskvalifisert då dopingprøva viste spor etter marihuana. I 2004 var han i stand til å forsvare den olympiske meistertittelen i hopp under Sommar-OL i Athen. Sidan vann han sølvmedaljen i frittståande ved så vel Turn-VM 2007, som i Sommar-OL 2008.
Han la opp i 2011.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gervasio Deferr» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2024.
- «Gervasio Deferr» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 17. april 2024.