Tianjin
Tianjin er ein av fire byar som er direkte underlagt sentralstyresmaktene i Folkerepublikken Kina. Han ligg i Nordaust-Kina, der fem elvar renn saman og dannar Hai He. Tianjin var tidlegare ein del av provinsen Hebei og grensar til Hebei på alle sider, bortsett frå i nordvest der Beijing ligg. Sjølve byen Tianjin hadde 7 millionar innbyggjarar i 2005.
Tianjin, 天津 | |
---|---|
Uttale | |
Andre namn | Tien-cheng, Tientsin pinyin: Tiānjīn, Wade-Giles: T'iēn-chīn |
![]() | |
Styresmakter | |
Land | Folkerepublikken Kina |
Grunnlagt | 304 f.Kr |
Geografi | |
Flatevidd | 11 920 km² |
Flatevidd - By |
11,760 km² |
Innbyggjarar - By (2009) - folketettleik |
12,281,600 1044.4/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 300000 - 301900 |
Telefon-retningsnummer | 22 |
Bilnummer | A, B, C, D, F, G, H, J, K, L, M |
Heimeside: http://www.tj.gov.cn | |
Plassering | |
![]() |
Næringsliv endre
Tianjin består stort sett av sletteland. Her vert dyrka korn, jordnøtter, linfrø, grønsaker og frukt. Her finst også oljeproduksjon, saltutvinning, og ulike typar industri, særleg maskinproduksjon av ulikt slag. Her er også mykje skipstrafikk.
Styresmakter endre
Leiaren for lokalavdelinga til Kinas kommunistparti er Li Hongzhong, og borgarmeisteren er Zhang Guoqing (2019).
Kjelder endre
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff endre
- «Tianjin» i Store norske leksikon, snl.no. av Cato Næverdal.