Geva Binyamin (hebraisk skrift גֶּבַע בִּנְיָמִין. tyder Benjaminåsen), òg kalla Adam (hebraisk skrift אדם), er ei kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Namnet Geva Binyamin kjem frå ein stad i Bibelen med same namn, som skal ha lege i dette området.[1] (t.d. Josva 18:24) Han ligg fem kilometer nordvest for Jerusalem og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 3 500.

Geva Binyamin
landsby
Geva Binyamin.JPG
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 31°51′0″N 35°16′25.68″E
Grunnlagd 1984
 - Grunnlagd av Adam gar'in-medlemmar
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Geva Binyamin

Landsbyen vart grunnlagd i 1984 av medlemmar av Adam gar'in.

Kubur Bani Yisra’il ligg i utkanten av busetjinga.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]

KjelderEndra

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.165, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
  2. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 

BakgrunnsstoffEndra