Ghost er ei svensk rockegruppe som var skipa i Linköping i 2006. Dei gav i 2010 ut ein demo med tre songar, etterfølgd av ein vinyl med tittelen Elizabeth, og seinare debutalbumet deira, Opus Eponymous. Albumet vart nominert til den svenske musikkprisen Grammis, fekk god mottaking og auka populariteten til gruppa monaleg. Det andre albumet deira, Infestissumam, kom ut i 2013 og var det første albumet gruppa gav ut gjennom eit større plateselskap. Albumet debuterte som nummer ein i Sverige og vann Grammis-prisen for beste hardrock/metal-album. Gruppa gav i 2015 ut det tredje albumet, Meliora, som fekk positiv mottaking og selde godt. Det toppa salslista i Sverige og nådde som nummer åtte i USA. Hovudsingelen frå albumet, «Cirice», vann Grammy Award i 2016 for «Best Metal Performance». Gruppa avduka det fjerde studioalbumet i 2018, titulert Prequelle.

Ghost

OpphavLinköping, Sverige
Aktiv2006 til i dag
SjangerHardrock, heavy metal, doom metal, poprock
PlateselskapUniversal Music
MedlemmerTobias Forge
Papa Nihil
Nameless Ghouls
PrisarGrammypris for beste Metal-band, Q60846361, Exportpriset

Ghost kan lett kjennast att for den eksentriske framsyninga si.[1] Fem av gruppemedlemmene, kalla «Nameless Ghouls», har identiske kostyme som dekkjer til andleta deira. Vokalisten løynde identiteten sin bak figuren «Papa Emeritius», som i utsjånaden kan skildrast som ein demonisk antipave.[2] Han vart avslørt som Tobias Forge i 2017, etter å ha vorte saksøkt av tidlegare gruppemedlemmer.[3] Sidan 2018-albumet Prequelle og etterfølgjande turnear, har Forge kledd seg ut som ein figur kjend som «Cardinal Copia», med smoking og ei prostetisk maske.

Diskografi endre

Referansar endre

  1. «Ghost vert Malakoff-headlinar». Sunnmørsposten. 7. mars 2018. Henta 3. november 2018. 
  2. «Antipave til Nordfjordeid i sommar». Firda. 7. mars 2018. Henta 3. november 2018. 
  3. «Anmeldelse: Ghost - «Prequelle»». Dagbladet. 31. mai 2018. Henta 3. november 2018. 

Bakgrunnsstoff endre