Universal Music Group
Universal Music Group er eit plateselskap med eiga avdeling i Noreg. Selskapet var i førstninga eit dotterselskap av Universal Pictures, men har i ettertid blitt fusjonert med PolyGram, og er i dag eid av det franske mediakonsernet Vivendi. Universal Music reknast som ein av dei fire største plateselskapa i verda, med ein del av marknaden på 25,5%.
Universal Music Group | |||
| |||
Morselskap | Vivendi | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 1934 (som Decca Records USA) | ||
Grunnleggar | Edward Lewis | ||
Sjanger | Forskjellige | ||
Land | Santa Monica, California New York City | ||
Offisiell nettside | Universal Music |
Universal Music gjer ut plater med mellom anna Fall Out Boy, Aerosmith, The Killers, Mariah Carey, Janet Jackson, Nirvana, Enrique Iglesias, Bon Jovi, Elton John, Eminem, The Eagles, Dr. Dre, 50 Cent, Marilyn Manson, Akon, Andrea Bocelli, Chamillionaire, Nas, U2, Peter Gabriel, Black Eyed Peas, Nelly Furtado, ABBA, Lil Wayne, Wu-Tang Clan, Gwen Stefani, Maroon 5, Rihanna, Kanye West, Sum 41, New Kids on the Block, Aaliyah, Guns N' Roses og Blink-182.
Den norske avdelinga har artistar som a-ha, Morten Harket, Espen Lind, Sissel Kyrkjebø, deLillos, Odd Nordstoga, Silje Nergaard og Nils Petter Molvær.